NRK Meny
Normal

– TV 2 i Bergen har betydd alt

Etter 20 år i Bergen har TV 2 skapt bedrifter med milliardomsetnad. Etableringa har betydd enormt mykje, meiner bransjefolk.

Flimmer Film

STOR BETYDNING: Flimmer Film gjer opptak til ein ny serie. Selskapet seier alt starta med TV2.

Foto: Flimmer Film

Flimmer Film er eit av mange uavhengige produksjonsselskap på Vestlandet som kan takka TV 2 for mykje av sin eksistens.

Sidan oppstarten for produksjonsselskapet i Bergen for tolv år sidan har dei hatt meir enn ti produksjonar for TV 2. Det siste så langt var i samband med Amanda-utdelinga.

Se Dagsrevyen omtale TV 2 før første sending i 1992 nedst i saka.

Johnny Holmvåg

NYTT GODT AV TV 2: Alt starta med TV 2, seier produsent Johnny Holmvåg i Flimmer Film.

Foto: Hanne Marie Molde / NRK

– Det starta med TV 2, seier produsent Johnny Holmvåg i Flimmer Film til nrk.no.

– Har betydd alt

Livet for produksjonsselskapa på Vestlandet hadde truleg vore noko heilt anna utan TV2.

– Det har betydd alt. Det hadde ikkje vore nokon tv-industri på Vestlandet utan TV 2 i Bergen, trur Eldar Nakken, som sjølv gjekk ut av kanalen og oppretta sitt eige produksjonsselskap.

Han seier det nesten ikkje var nokon som kjøpte inn tv-produksjonar før TV 2 blei etablert.

Milliardindustri

Men det er ikkje berre reine produksjonsselskap som har samanheng med etableringa av TV 2.

Ifølgje Bergens Tidende har teknologibedrifter i Bergen som spring ut frå TV 2 ein årleg omsetnad på nesten ein milliard kroner.

– Det har ført til ei stor knoppskyting. Det er vanskeleg å sjå for seg ein TV-industri i Bergen utan TV 2, seier Knut Helland, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen til nrk.no.

Han viser blant anna til Storm og grafikkselskapet Vizrt.

TV 2 Nyhetskanalen

NYHEITER FRÅ BERGEN: TV 2 Nyhetskanalen blei oppretta i 2007, og svært mykje av ansvaret og sendingane kom frå kontora i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Skjerpa av konkurransen

Den nye TV-kanalen som kom i september 1992 førte også til større konkurranse. Det var til dømes ikkje tilfeldig at Vestlandsrevyen i Bergen var først ute når NRK starta regionale nyheitssendingar på TV.

– Dei var kreative, vitale og kom inn som eit friskt pust, seier regionredaktør Unni Arnøy i NRK Hordaland.

Ho trur at både NRK og norske medier generelt blei skjerpa av konkurransen med TV 2.

– Utan TV 2 trur eg media i Noreg hadde vore fattigare. Vi har hatt veldig nytte av den konkurransen vi fekk, seier Arnøy.

Sjå video: Dagsrevyen om TV 2 i 1992:

Video Dagsrevyen omtaler TV 2.

SJÅ VIDEO: Dagsrevyen omtaler TV 2.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2