NRK Meny
Normal

– Turistane vil ha meir luksus enn nokonsinne

Turistnæringa på Vestlandet går så det susar om dagen. Kronekursen gjer at mange nordmenn ferierer i eige land, medan utlendingar får meir for pengane.

Kronekursen gjør at flere vil feriere i Norge.

SJÅ VIDEO: Hotelldirektør Nina Askvik viser fram presidentsuiten på Radisson Blue Royal Hotel som er svært populær om dagen. (Foto/redigering: Ingfrid Berge Fossåskaret)

– Dei siste tre nettene er det ein vanleg asiatisk familie som har budd i presidentsuiten på hotellet. Dei har råd til å betala 18 000 kroner i døgnet, seier Hotelldirektør i Radisson Blue Royal Hotel, Nina Askvik.

Ho kan by på 120 kvadratmeter med luksus. Rommet står sjeldan tomt i sommar.

– Juni er verkeleg ein topp. Alle aktørar merkar ein oppgang samanlikna med dei to føregåande åra.

Og folk er meir ein villige til å betala for å bu ekstra fint

– Me merkar at turistane er villige til å betala for kvalitet. Dette har endra seg dei to siste åra spesielt. Dette heng nok også saman med kronekursen, seier Askvik.

Elvis Decosta

FORNØGD: Elvis Decosta er på ferie i Bergen. Han tykkjer ikkje at prisnivået i Noreg er så ille.

Foto: NRK

Nordmenn blir heime

Men det er ikkje berre utlendingar som får reiselivsbransjen til å jubla. 7 av 10 nordmenn vel å feriera heime i år.

– Det er mange i næringslivet som slit no. Mange har mista jobbane sine dessverre, i oljesektoren blant anna. Me ser jo kanskje at det er ein naturleg tendens no at mange vel å feriera heime eller på hytta i staden for i utlandet, seier Wencke Salthella, bransjesjef i NHO Reiseliv, region vest.

Wencke Salthella

Wencke Salthella er bransjesjef i NHO reiseliv, region vest.

Foto: NRK

Fleire har råd

Det er mange som tek turen til landet i desse dagar, kan Salthella fortelja.

– Det er folk frå mange forskjellige nasjonar, men sjølvsagt mange nordmenn. Dei er den viktigaste biten for oss.

Den låge kronekursen gjer at fleire kan ta seg råd til ein Noregsferie.

– Det er absolutt blitt billigare å feriera i Noreg, nettopp på grunn av kronekursen. Noreg er ikkje så dyrt lenger som det var tidlegare, seier ho.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.