Hopp til innhold

– Bybaner bør gå på gatenivå

Portugisisk ekspert kastar seg inn i debatten om Bybanen i Bergen. – Tunnel kan bli minst fire gongar dyrare, seier Manuel Teixeira.

Manuel Paul Teixeira

BYBANE I DAGEN: – Ved å byggja tunnel kan ein kasta bort moglegheita til å utvikla byen, seier Manuel Paul Teixeira.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Bybanen Bryggen med kjøreledning

OVER BRYGGEN: Fleirtalet i Bergen bystyre ser ut til å gå imot denne løysinga for Bybanen gjennom sentrum.

Foto: Bergen kommune

– Dersom det er mogeleg, bør bybaner gå på gatenivå, seier Manuel Paul Teixeira, som leia arbeidet med bybanen i Porto.

Den portugisiske byen har vald ein kombinasjon av dagløysing og tunnelar. I dag deltek Teixeira på Bergen Næringsråd sin bybanedebatt, og Teixeira legg ikkje skjul på kva råd han kjem til å gi bergensarane.

– Tunnelane har vist seg å vera minst fire gongar dyrare å bygga enn trasèar på gateplan, seier han om sine erfaringar frå Porto.

– Tunnel er kortare

I går la fagetaten i Bergen kommune fram eit nytt notat som viser at avstanden til stoppa under bakken gjer at det ikkje er noko å spara tidsmessig mellom sentrum og Åsane på å byggja tunnel.

– Bybanen over Bryggen er no det einaste rasjonelle valet, sa Venstres Julie Andersland.

Ho oppmodar Høgre og Arbeidarpartiet, som båe har tatt klare standpunkt for tunnel, til å tenkja seg om på nytt.

Men Harald Schjelderup (Ap) står fast på at reisetida med tunnel vert kortare for mange - fordi fleirtalet av folk frå Åsane ikkje skal av i sentrum.

Harald Schjelderup

STORT FLEIRTAL: – Denne diskusjonen gjeld Bergen sentrum, og der er det jo stort fleirtal for tunnel, seier Harald Schjelderup (Ap).

Foto: Bergen AP

– For åsabuene sin del, med mange arbeidsplassar som ligg sør for sentrum, så er tunnelalternativet kortare, seier han.

– Kastar bort moglegheit til byutvikling

Teixeira forstår at politikarane ønskjer tunnel.

– Men ved å byggja tunnel kan ein kasta bort moglegheita til å utvikla byen, seier han.

Schjelderup er ikkje med på premissane for Teixeira si utsegn.

– Vi byggjer jo stort sett i dagen. Denne diskusjonen gjeld Bergen sentrum, og der er det jo stort fleirtal for tunnel både mellom politikarane og bergensarane, seier han.