– Truleg fått sleng på bilen

Det skal ikkje vera alvorlege personskadar etter trafikkuhellet i Vaksdal, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt. – Éin av dei har truleg fått sleng på bilen, og møtekommande bil har dermed treft den bakre delen, seier ho. Ambulanse er framme på staden. Trafikken står stille i feltet i retning mot Bergen. Bilbergar er på veg.