Hopp til innhold

– Trude Drevland har ikkje drive med korrupsjon

– Uryddig rolleblanding, men saka om ordførar Trude Drevland si luksusreise til Venezia er ikkje korrupsjon, meiner Tor Dølvik i antikorrupsjonsorganisasjonen Transparancy Noreg

Tor Dølvik

UHELDIG: – Det er politikarane som må vurdera i kva grad Drevland har tråkka over streken som ordførar, seier Tor Dølvik, spesialrådgjevar i Transparency Noreg

Foto: Transparency International Norge

– Dette er eit engasjement som går litt for langt. Det vert ein slags samanblanding av eit sterkt engasjement på vegner av byen og eit sterkt engasjement for eit enkelt selskap, seier Dølvik.

Det storma då cruiseskipet Viking Star blei døypt i Vågen i Bergen på 17. mai, og i går kom avsløringa av luksusreisa med privat jetfly til luksushotell i Venezia for ordførar Trude Drevland og sonen hennar.

– Det ligg neppe noko ulovleg her, men kvar går grensa for kva som er rimeleg at ordføraren bruker vervet sitt til? Det er noko ein bør diskutera, seier Dølvik.

Trude Drevland

Ordførar Trude Drevland meiner ho ikkje har gjort noko kritikkverdig. Her er ho under døypinga av skipet «Viking Star».

Foto: Viking Ocean

– Berre for Bergen

Drevland understreka sterkt at ho berre jobbar for Bergen.

– Eg gløymer jo aldri at det er for Bergen eg gjer det. At eg gjer det for byen min og at det var viktig for byen at me fekk eit skip med Bergen i hekken og med Bergen som snuhamn, seier Drevland.

Tor Dølvik i Transparency meiner det er opplagt at Drevland har jobba for skipsreiar Torstein Hagen.

– Ho har jo i alle fall vore ein aktør for selskapet, og det er grunn til å stilla spørsmål ved om dette er ryddig. Det er det jo eigentleg opinionen, innbyggarane og folket som må vurdera – og det politiske miljøet i Bergen, seier Dølvik.

Fekk endra reglane

I dag skreiv Bergens Tidende at to månadar etter Veneziaturen bad skipsreiaren ordføraren om hjelp til å få endra norske reglar. Det bidrog Høgreordføraren til ved å kontakta partikollega og næringsminister Monica Mæland. Mæland endra reglane, slik at cruiseskipet i januar i år kunne registrerast i Noreg og få heimehamn i Bergen.

Drevland prøvde også utan hell å få Fylkesmannen i Hordaland til å endra sitt nei til å la skipsreiaren arrangera ein middag i Håkonshallen i samband med skipsdåpen 17. mai i år.