NRK Meny
Normal

– Katastrofe, heilt uakseptabelt

Tysnes-ordføraren er mildt sagt rysta over framlegget om å legge ned lensmannskontoret i kommunen.

Kjetil Hestad

STERKT KRITISK TIL NEDLEGGING: – Dette er heilt i strid med det justisdepartementet har gått ut og sagt, nemleg at nærpoliti med lokal kunnskap skal vera eit av dei styrande prinsippa for det framtidige politi-Noreg, seier Tysnes-ordførar Kjetil Hestad (Ap) om den moglege nedlegginga av lensmannskontoret i kommunen.

– Eg er veldig overraska over at politidirektoratet tilsynelatande har sete på ei liste med konkrete namn på lensmannskontor som no blir foreslått nedlagde, seier Tysnes-ordførar Kjetil Hestad (Ap) til NRK.

Etter at Røksund-utvalet presenterte sin politianalyse i sommar, har rapporten vore ute på høyring.

Bortsett frå i Finnmark har landets politimeistrar stort sett vore einige i hovudkonklusjonane - at talet på politidistrikt skal barberast frå 27 til 6 på landsbasis, og at talet på tenestestader skal reduserast med kring 40 prosent.

Store kutt i Hordaland

I dag offentleggjorde politileiinga si innstilling. Dei går inn for å legge ned ei rekkje tenestestader. I Hordaland gjeld dette følgjande stader:

Austrheim og Fedje, Fusa og Tysnes, Jondal, Masfjorden, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Tysnes, Ullensvang og Eidfjord, Vaksdal.

– Heilt uakseptabelt

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad er overraska over framlegget om å legge ned lensmannskontoret i kommunen.

Det har aldri vore kommunisert til Tysnes kommune at lennsmannskontoret skal leggast ned.

– Det har aldri vore kommunisert til Tysnes kommune at lennsmannskontoret skal leggast ned. Det er heilt uakseptabelt, understrekar Hestad.

Han meiner også innstillinga strir mot dei tidlegare signala om framtidas politi-Noreg.

– Ei total katastrofe

I stortingsmeldinga om politiet frå 2005 står det mellom anna at politiet skal vere lokalt forankra for å sikre befolkninga god tilgjengelegheit til polititenester, god oversikt over lokale utfordringar og godt samarbeid med befolkninga og lokale aktører.

– Nedlegging av Tysnes lensmannskontor er heilt i strid med det justisdepartementet tidlegare har gått ut og sagt, nemleg at nærpoliti med lokal kunnskap skal vera eit av dei styrande prinsippa for det framtidige politi-Noreg, meiner Hestad.

– Dette er det stikk motsette. Det vil vera ei total katastrofe for Tysnes å mista eit lensmannskontor som vi er heilt avhengige av, tordnar ordføraren.

– Har vore klart lenge

Politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland har sendt sine tilrådingar for fylket inn til dei sentrale politistyresmaktene. Han vil ikkje kommentere kritikken frå Hestad direkte, men forsvarer framlegget til ny politiorganisering.

Det har jo vore klart sidan politianalysen blei lagt fram at ein foreslår ein kraftig reduksjon i talet på kontor for å effektivisere drifta.

Geir Gudmundsen, politimeister i Hordaland

– Eg er på ferie, og har ikkje fått følgt med på kva som skrivast. Men det har jo vore klart sidan politianalysen blei lagt fram at ein foreslår ein kraftig reduksjon i talet på kontor for å effektivisere drifta, seier Gudmundsen til NRK.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik