Hopp til innhold

Bråtebrenning førte til utrykking

Brannvesenet rykka ut til ei adresse på Eidsvågneset etter meldingar om at det velta tjukk og svart røyk ut frå eit hus.

bråtebrenning i bergen

Meldinga kom inn til brannvesen og politi rundt klokka 10.10. Brannvesenet har rykka ut med fleire bilar til Hellebakken. Politiet er også på veg.

– Vi fekk melding om at det velta tjukk og svart røyk frå eitt hus der. Det er to personar som har meldt frå. Vi er på veg for å undersøka, seier vaktkommandør Rune Wigum ved 110- sentralen Hordaland.

Brannvesenet har rykka ut frå hovudstasjonen, Sandviken og Åsane.

– Den eine meldaren har ringt inn igjen og forklart at røyken har minka, men vi må uansett undersøka dette nærare, seier Wigum til NRK.

Bråtebrenning

Klokka 10.23 melder politiet via Twitter at dei har fått kontakt med huseigar. Røyken stammar frå bråtebrenning på staden.

Laster Twitter-innhold