Hopp til innhold

– Styrta rett i bakken med høg fart

Dagens undersøkingar av mikroflyet som styrta i Vossafjella gir ingen indikasjonar på at tekniske problem var årsaka til styrten.

Mikrofly styrta på Voss

IKKJE TEKNISK ÅRSAK: Norges Luftsportforbund sin havarikomité kan førebels ikkje sjå teikn til tekniske årsaker til flystyrten. Komitéen slår fast at det er snakk om ein rein styrt, og ikkje eit mislukka landingsforsøk.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tidlegare onsdag vart dei to omkomne mennene i samband med flystyrten på Volavatnet i Vossafjella, frakta ut av flyet og ned til Voss.

I løpet av dagen har også havarikomitéen til Norges Luftsportforbund gjort sine undersøkingar, og kan allereie no fastslå at dei mest truleg ikkje vil kome fram til ein endeleg konklusjon.

– Det er ingenting av det vi kan fastslå som gir oss nokon indikasjonar på ein teknisk årsakssamanheng til dette triste uhellet, seier Tormod Veiby i Luftsportforbundet.

– Ikkje mislukka landingsforsøk

Tormod Veiby

KAN IKKJE KONKLUDERE: Tormod Veiby i havarikomitéen seier det kan bli vanskeleg å finne fram til ein endeleg konklusjon.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Han er ein av to representantar frå havarikomitéen som kom til Voss onsdag morgon. Blant anna har dei vurdert om motoren har vore i gang, at alle ror er kopla saman og at dette og alle mekaniske koplingar er fungerande. Så langt kan dei ikkje sjå teikn til teknisk svikt.

– Det er ikkje så veldig mykje meir ein kan fastslå her og no. Vi er langt på veg med undersøkingane. Fartøyet vil bli teke ned av fjellet og granska nøyare, men ut frå dagens bilete har ein sett det meste, seier Veiby.

Han ser også heilt vekk frå at det kan ha vore eit mislukka landingsforsøk.

– Eg kan seie det slik at flyet heilt tydeleg har treft bakken i ein bratt vinkel med stor hastigheit og mykje energi. Det har gått i bakken med stor fart, og det er ikkje noko mislukka landingsforsøk eller noko slikt.

Løyste ikkje ut redningsskjerm

Havarikomitéen har i all hovudsak sett på det mekaniske, ifølgje Veiby, og så mykje meir er det ikkje å sjå på.

– Flightdatarecorder og andre registratorar som ein finn på større passasjerfly finn ein ikkje på mindre luftfartøy, fortel han.

Derimot hadde flyet eit redningsskjermsystem som ein gjennom å dra i eit handtak kan skyte ut slik at flyet vert hengande horisontalt under ein fallskjerm. Dette skal i teorien kunne berge både flyet og passasjerane.

– Det systemet har ikkje vorte brukt, men i staden er det utløyst i samband med kollisjonen. Det er ingenting som tyder på at piloten har prøvd å løyse det ut sjølv, seier Veiby.

To omkom i flystyrt på Voss

HENTA NED: Dei to omkomne i flystyrten vart onsdag ettermiddag henta ned frå Vossafjella med snøskutarar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Vil ikkje spekulere i årsak

Dette kan truleg bety at dei to mennene som var om bord i flyet ikkje har rekt å løyse ut skjermen. Veiby fortel at terskelen generelt er høg for å gjere dette.

– Du må reagere fort, og det er eit stort steg å ta for ein pilot å dra i det handtaket, for då går du frå å vere ein pilot som har kontroll over situasjonen til å vere ein passiv passasjer under ein redningsskjerm. Mentalt er det eit stort steg, fortel Veiby.

Havarikomitéen skal i ettertid utarbeide ein rapport, men den er truleg ikkje klar før om nokre veker. Dei vil halde fram med å vere på Voss til dei har fått undersøkt flyet nærare når det er teke ned frå fjellet. Når ein no kan sjå vekk frå tekniske årsaker ønskjer ikkje Veiby å spekulere i kva som kan ha vore årsak til flystyrten.

– Vi kjem til å ta nærare undersøkingar av fartøyet når vi får det ned i løpet av veka. Det som ein har sett vil ein vurdere, men i og med at ein ikkje kan konkludere så vil denne saka ta ein del tid og krevje ein del drøfting. Og så får vi sjå om ein slik prosess kan gi nokre indikatorar på sikt, men dagens bilete gir ikkje grunn til spekulasjonar.

Helikopterbilder fra Voss, Volavatnet og flyet som har krasjet.