Hopp til innhold

– Streiken vil ramma Bergen hardare enn venta

Togstreiken rammar Hordaland ved inngangen til haustferien. – Verre enn me hadde sett for oss, seier NSB.

Tog på Bergen jernbanestasjon

INNSTILT: NSB håpa i det lengste at lokaltoga på Bergensbanen ikkje ville bli råka av streiken. Dei 7 lokførarane som laurdag er tekne ut i streik gjer at fleire tog vert innstilt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Innbyggjarane i Bergen må venta seg fleire innstillingar i tida som kjem. Fredag kveld klokka 23 vart streiken trappa opp. Det betyr innstilte avgangar i helga og i haustferien.

No vert også lokaltoga til Arna og Voss råka.

– Fleire råka avgangar enn venta

– Lokførarane som vert tekne ut i Bergen opererer både på lokaltoga til Arna, Vossebana og Bergensbanen. Me har oppdaga at fleire avgangar blir råka enn det me først trudde, seier pressevakt i NSB, Håkon Myhre.

  • Sundag er tre av fire Oslo-avgangar innstilt. Det gjeld avgangane 7.57, 15.59 og 22.59
  • Eitt lokaltog til Myrdal klokka 8.43 var òg innstilt.
  • Måndag er fleire lokaltog mellom Arna og Bergen og på Vossebana innstilt.

Fleire togavgangar kan bli innstilt. Myhre veit ikkje kva andre avgangar det dreier seg om.​ Han oppmodar passasjerar til å sjekka avgangane sine på nsb.no eller i NSB-appen.

– 24 timar før planlagd avreise skal informasjon om innstillingar vera oppdaterte på nettsida vår.

Vossebanen

LOKALTOG INNSTILT: Frå laurdag vert også lokalavgangar til Voss råka. Laurdag er tre lokaltog til Arna og Voss innstilt, i tillegg til to av Oslo-avgangar.

Foto: Alasdair McLellan

118 i streik – 7 i Bergen

Norsk Lokomotivmannsforbund har varsla ei opptrapping av streiken, og tek ut ytterlegare 42 lokomotivførarar frå og med laurdag. Til saman er 118 lokførarar i streik: 33 i Moss, 29 i Ski, 28 i Lillestrøm, 19 i Oslo, 7 i Bergen, 1 i Trondheim og 1 i Kristiansand.

Dette råkar først og fremst togavgangane på Østfoldsbanen.

NSB håpa i det lengste at lokaltoga Arna-Bergen og Bergen-Voss skulle gå som normalt, men dette har endra seg.

– Sånn sett treff streiken haustferiestarten i Hordaland på verst tenkelege tidspunkt, seier Myhre.

Det vert ikkje sett inn alternativ transport.

Striden står om opplæring

Streiken i Lokomotivmannsforbundet starta torsdag førre veke etter at meklinga mellom LO Stat og Spekter, som representerer høvesvis Norsk Lokomotivmannsforbund og NSB, braut saman.

Striden står om kva krav som skal stillast til lokførarar si opplæring. Lokførarane vil ha dagens krav inn i tariffavtalen, mens NSB vil venta på krav frå myndigheitene.

– På vegner av NSB ynskjer eg å beklaga den situasjonen dei reisande opplever. Eg håpar at me så snart som mogleg klarar å finne løysingar med Norsk Lokomotivmannsforbund, seier konsernsjef Geir Isaksen i ei pressemelding fredag.