Hopp til innhold

‒ Betydeleg større skadar enn me trudde

Eitt år etter raset i Tokagjelet på fylkesveg 7, er vegen framleis ikkje ferdig sikra. Denne veka stenger vegvesenet vegen på natta for å bli ferdig til den planlagde opninga i desember.

15. september i fjor raste deler av fjellsida ned i Tokagjelet på fylkesveg 7. Vegen mellom Bergen og Kvam var stengt lenge, og Statens vegvesen er framleis ikkje ferdige med arbeidet langs fylkesvegen.

Tokagjelet haust 2014

TOKAGJELET: Slik såg det ut i Tokagjelet for halvanna veke sidan. Byggeleiar Knut Tøn lovar at arbeidet skal vere ferdig til opninga i desember.

Foto: Thi Kim Thi Truong / Mesta AS

– Arbeidet blei avslutta i desember i fjor på grunn av vinteren og dei problema det førte med seg. Me har hatt ein stor sikringsjobb, og grunnforholda har vore veldig dårlege, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Knut Tøn.

‒ Det var ikkje aktuelt å sende inn mannskap for å arbeide med den nye portalen før området var sikra. Først ut på våren blei dei fjellklatrande arbeidarane ferdige med å sikre fjellsida. Før dei kunne bygge ny tunnelportal, måtte entreprenøren utvide og sikre sjølve tunnelopninga.

LES OGSÅ: – Raset har kosta Kvam 20-30 millionar

Store skader forsinka arbeidet

Tøn forstår at folk lurer på kvifor det har tatt så lang tid å byggje opp att vegen og sikre området. Han seier dei undervegs i arbeidet oppdaga betydeleg større skadar enn det dei kunne sjå i byrjinga.

Steinras i Tokagjelet

KØYRDE INN I RASET: Arne Torvik frå Bergen var først på staden da raset gjekk i Snauhaugtunnelen, og tok dette bildet.

Foto: Arne Torvik

‒ Etter kvart som dei nedrasa massane vart fjerna fekk me eit tydelegare bilete på kva som venta av arbeid med å trygge området. Mellom anna kunne me ikkje sjå kor skada muren på utsida var før alt vart avdekka. Den var mykje meir knust enn det me fyrst trudde.

Han forsikrar om at vegen skal vere klar til den planlagde opninga i desember.

– Me har så pass bra kontroll på det arbeidet som står att, så det er eg sikker på. Eg håpar folk har forståing for dette litt lenger.

Nattestengt veg fram til torsdag

For å nå målet om å opne vegen i desember trappar vegstellet denne veka opp arbeidet, og stenger vegen på nattetid.

Ras Tokagjelet

STORT RAS: Raset knuste vegen og sperrar Fv 7 mellom Kvamskogen og Norheimsund.

Foto: Torkjell Kjosås

– Me har komme opp ifrå dårlege grunnforhold og har tunnelportaljobb igjen. Det er ein ganske grei jobb å gjennomføre. No nærmar vinteren seg, og difor trappar me opp for å bli ferdige.

Fylkesveg 7 vert stengt ved Tokagjelet mellom klokka 19 og 05.30 kvar natt frå måndagskveld og fram til torsdagsmorgon.

Det vil vere opent for kolonnekøyring annakvar time gjennom natta: klokka 20.15, 22.15, 00.15, 02.15 og 04.15.

Bussruter går som normalt, og utrykkingskøyretøy skal sleppe gjennom.

LES OGSÅ: – Noe av det mest omfattende vi har vært borti