NRK Meny
Normal

– Stolt av å ha laga ein norsk betalingsstandard

Bergensfirmaet Knowit brukte berre nokre veker på å utvikle banksuksessen Vipps, som 100 bankar no går saman med DNB om.

Eivind Kjellevold, Knowit

LEIAR AV UTVIKLINGA: Eivind Kjellevold, lead designer for teamet som jobba med brukaroppleving for Vipps, er glad for at over 100 bankar no går inn på eigarsida.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Det er veldig kjekt å ha vore med å lage ei teneste som har blitt så stor så fort, seier Eivind Kjellevold i Knowit.

Han har leia utviklinga av betalingstenesta Vipps, som fram til no har vore ein del av DNB. Men måndag gjekk 106 norske bankar saman om å bli eigarar av Vipps – som heile Noreg si mobile lommebok.

– At det òg kjem fleire bergensbankar med i prosjektet, er veldig kjekt for oss som jobbar mykje med bank og finans på Vestlandet og i Bergen, seier Kjellevold.

Brukte halvannan månad

Det var romjula i 2014 at selskapet som heldt til på Nøstet i Bergen fekk ein telefon frå DNB, som trengde hjelp til å utvikle ei ny betalingsteneste. Så snart juleferien var over sat utviklarane i møte med banken.

– Ikkje lenge etter hadde vi eit team på 7–8 personar som jobba intenst i halvannan månad med å utvikle ei ny betalingsteneste i Noreg. DNB ynskte å vere først ut og ha ei teneste som alle brukte, fortel Kjellevold.

Betalingsapp på mobil

POPULÆRT: Vipps har blitt svært populært blant norske forbrukarar.

Foto: Kees Andre Fjellvang / NRK

På under eit år hadde appen fått 1,2 millionar brukarar.

– Konseptet vart lansert på eit riktig tidspunkt, og er tydeleg, enkelt og trygt å bruke. Folk ville ha moglegheita til å sende pengar utan å måtte bruke kontonummer, noko som blei mogleg med Vipps, seier Kjellevold.

– Betre for kundane

Vipps blir no eit frittståande selskap, med DNB som største eigar. Blant dei drygt 100 andre bankane som går inn som eigarar, er Sparebank 1-alliansen.

– Vi har sett at veldig mange bankar har satsa på ei rekke ulike mobile lommebøker og betalingstenester. Framtidsbiletet blir ei digital lommebok, og det trur vi blir mykje betre for kunden, seier administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeset.

Jan Erik Kjerpeseth, adm.dir Sparebanken Vest

LEGG VEKK EIGEN APP: Administrerande direktør i Sparebanken Vest, jan Erik Kjerpeset, legg vekk banken si eiga betalingsløysing Sping, og satsar fullt på Vipps.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Sparebanken vil no legge vekk si eiga løysing, Sping.

– Den vil vi over tid avvikle, for å gå fullt inn i satsinga på og vidareutviklinga av Vipps, seier Kjerpeset.

Kjellevold i Knowit legg ikkje skjul på at dei er nøgde med utviklinga.

– Vi er veldig stolte av at Vipps no ser ut til å bli ein norsk betalingsstandard. Det er kjekt å sjå at så mange andre bankar òg synest at Vipps er den beste løysinga.

– Trur du Vipps har sjanse mot betalingstenester som vil kome på til dømes Snapchat og Facebook?

– Ja, eg trur norske forbrukarar er opptekne av sikkerheit og personvern, og då vil dei nok lettare kunne stole på ein bank enn ein internasjonal aktør, avsluttar Kjellevold.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2