– Det blir verre for oss når parken stenger

Når Nordens største opne russcene stenger måndag, vil det bli verre å vere rusmisbrukar i Bergen, meiner Tommy (27). – Dei har gode planar for parken. Men eg har ikkje høyrt nokre gode planar for sånne som meg.

Tommy N. Rosvald (27) fortel om livet i Nygårdsparken.

SJÅ VIDEO: Måndag 25. august stenger politiet og Bergen kommune Nygårdsparken, omtala som Nordens største opne russcene. Det er ikkje ei god løysing, meiner Tommy (27): – Det er ikkje parken som er problemet. Det er liva som beveger seg inne i parken det må handle om. Reporter: Runa Victoria Engen | Foto: Ingfrid Berge Fossoskaret/Kjell Gøran Hansen | Redigering: John Nøstdal

– Eg hadde jo ein heim ein gong eg også. Men så kom eg inn i barnevernstenesta og inn i NAV, og sidan har eg gått på gata, bokstaveleg talt.

– Eg har jo lyst på eit liv som alle andre.

Tommy Rosvold

Tommy (27) er på veg for å hente Megafon, eit magasin han kan selje for å skaffe pengar til heroin. Sidan han som 12-åring byrja bruke narkotiske stoff, har han vore gjennom 123 overdosar. Rusmiljøet i Nygårdsparken i Bergen har vore ein stad å skaffe seg stoffa han er blitt avhengig av.

Men måndag 25. august skal parken, omtala som Nordens største opne russcene stengast. Parken skal pussast opp, og rusmiljøet skal fjernast for godt.

– Eg trur det vil bli verre å vere rusavhengig i Bergen når parken stenger. Folk vil uansett måtte få tak i dei medisinane dei har blitt avhengige av, og vil då gå svært langt for å skaffe dei, seier han.

– Dei har gode planar for parken. Men eg har ikkje høyrt nokre gode planar for sånne som meg. Eg har ikkje høyrt om nokon som får seg ein permanent trygg stad å bu, eller nokon som får ein ny start.

Siste sommar i parken

Politi i Nygårdsparken

STENGER: Nygårdsparken stenger 25. august. Politiet har oppretta ei eiga gruppe med 11 handplukka politifolk som berre skal jobbe med rusmiljøet i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Alt på slutten av 60-talet blei det seld og kjøpt rusmiddel i Nygårdsparken, og sidan 1970-talet har parken vore eit samlingspunkt for narkomane.

Nygårdsparken har blitt forsøkt stengt og rydda to gonger tidlegare i 1989, og så igjen i 2010. Politiet og Bergen kommune er samde om at miljøet i parken no er blitt så ille at det må brytast opp. At det er blitt meir utrygt å ferdast i Nygårdsparken, kjenner Tommy seg att i.

– Det har blitt hardare å vere rusmisbrukar. Det blir hardare for kvart år, ikkje fordi ein blir eldre, men fordi miljøet er blitt meir kynisk. Folk stel frå kvarandre og utnyttar kvarandre i sårbare situasjonar som ved overdose. I parken er det samla mange desperate menneske. Det er ikkje alltid det går bra.

Likevel meiner han det ikkje er ei god løysing å stenge Nygårdsparken, og å bryte opp rusmiljøet.

HØYR SAK FRÅ HER OG NÅ HER:

– Miljøet vil berre flytte seg

Tommy Rosvald

HJELPER IKKJE Å STENGE PARKEN: – Eg trur det vil bli verre å vere rusavhengig i Bergen når parken stenger. Folk vil uansett måtte få tak i dei medisinane dei har blitt avhengige av, og vil då gå svært langt for å skaffe dei, meiner Tommy Rosvold.

Foto: Ingfrid Berge Fossoskaret / NRK

– Eg skjønnar at folka som bur rundt parken og folk som ikkje har problem med rus, tykkjer det er ubehageleg med sprøyter, og at dei tenker på tryggleiken til ungane sine og fara for å bli rana.

LES OGSÅ: – Det «deales» mye i gatene her - Hordaland

– Men miljøet vil ikkje forsvinne, det vil berre flytte seg til nye plassar. Å kjeppjage folk som har eit problem som ligg djupare enn rusen blir feil. Rusen er berre eit symptom på eit problem ein har. Det er desse problema ein må ta tak i.

Sprøyterom, helsetenester i parken der dei narkomane er, eit nøytralt tilsyn med det som skjer, og trygge bustadar er noko av det som kunne hjelpt dei narkomane betre, meiner Tommy.

– Det er ikkje parken eine og åleine som er problemet. Det er liva som beveger seg inne i parken.

LES OGSÅ: – Vi trenger spøyterom - Hordaland

– Ein stor risiko å opphalde seg i eit sånt miljø

Joachim Bjerkvik

– EIN FARLEG STAD: Nygårdsparken har endra karakter, og ikkje til det betre, seier leiar for utekontakten i Bergen kommune Joachim Bjerkvik.

Foto: Privat

Dei seinare åra kan folk fortelje om ein heilt anna verkelegheit enn den dei som brukte parken før opplevde, fortel leiar i Utekontakten, Joachim Bjerkvik.

– Bohemane frå 60-talet vil nok hugse parken som noko anna enn det den er i dag. Men Nygårdsparken har endra karakter, og ikkje til det betre.

– Nokre trekker fram at parken har vore ein sosial arena for dei, og dei vil skildre det dei ser som eit inkluderande samhald: ein stad som ikkje er stigmatiserande, der ein treffer likesinna. På nokre måtar har parken vore ein stad for mange som opplever eit utanforskap.

Men sjølv om mange seier parken har vore ein sosial arena for dei, så inneber det ein stor risiko for avhengige å opphalde seg i eit sånt miljø, seier Bjerkvik.

– Dei er utsette for betydeleg grad av vald, trugslar og andre former for utnytting internt i miljøet, og for å bli utsett for tjuveri for eksempel ved overdosar. At enkelte opplever parken som eit sosialt miljø rettferdiggjer ikkje på nokon måte det å halde oppe ein slik arena.

– Det finst sommardagar her òg

Utekontakten i Nygårdsparken

STENGJAST: Nygårdsparken i Bergen omtalast som ein av Nord-Europas største opne russcener. No skal den stengjast. Biletet er frå tidlegare i sommar, då Utekontakten besøkte parken.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Denne gongen vil politiet og kommunen klare det dei har sett seg som mål, meiner Tommy. Han trur parken vil bli stengt for godt denne gongen.

Når 50 år med rusmiljø i Nygårdsparken går mot ein slutt, finst det også gode minner blant kynismen og brutaliteten.

– Det er jo sommardagar i parken òg, som alle andre stadar. Grønt gras og sildrande vatn og folk i god stemning. Sist i sommar under hetebølgja var eg ein tur gjennom parken. Vanlegvis set eg meg ikkje ned på graset, men i sommar var det faktisk greitt å gjere det.

– Det er ikkje parken eine og åleine som er problemet. Det er liva som beveger seg inne i parken.

Tommy Rosvold

– Det er mange der i same situasjon som deg, og ein kan møte forståing der òg. Det er tøft å gå åleine på gata, det er tøft å bere alt åleine, og å gå utan familie, om ein ikkje i tillegg skal bli stua vekk og sett endå meir ned på.

Tommy meiner ei ekte løysing på problema Nygårdsparken representerer ikkje er å stenge parken, men å bruke kreftene på dei som lev inne i han.

– Eg har jo lyst på eit liv som alle andre. Men det er ikkje berre for meg å slutte å ruse meg. Eg må ha noko trygt i livet mitt. Det fyrste kunne vore ein trygg permanent bustad, og nokon som følgjer med og som ser at det går bra.

– Det hjelper ikkje å gje folk medisinar ein gong i døgnet og tru at alt skal løyse seg. Legen min seier «du får hjelp når du dør.» Eg er ikkje redd for det. Dette er ikkje eit verdig liv.

LES OGSÅ: Slik skal de stenge Nygårdsparken - Hordaland

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.