Hopp til innhold

– Stemplar dei som ikkje vil delta i skulegudstenestene som avvikarar

Human-Etisk Forbund reagerer sterkt på statsminister Erna Solberg sitt utspel om julegudsteneste i Spørretimen onsdag.

Voss Kyrkje

HAR SKAPT DEBATT: Avgjerda frå rektorane ved alle skulane på Voss om å droppe skulegudstenestene i kyrkja i år har vekt reaksjonar. Her er Voss kyrkje på Vossevangen.

Foto: Kari Molde

– Vi har tru- og livssynsfridom i dette landet, og då synest eg statsministeren skal halde seg for god til å sei at dette er noko alle må oppleve, seier styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund.

Forbundet reagerer sterkt på at statsminister Erna Solberg (H) i spørjetimen på Stortinget i går åtvara mot å avlyse skulegudstenester før jul.

Statsministerens utspel kjem etter at det blei kjent at rektorane ved alle skulane på Voss seier nei til julegudstenester i kyrkja i år.

– Det vil vere ei unnlatelsessynd å tilpasse oss så mykje at vi unnlét den viktigaste grunnen til at vi feirar jul, sa Solberg.

– Ein statsminister skal vera samlande for heile folket, og då er ganske sensasjonelt at ho bruker slike ord, seier Heldalen.

Tom Hedalen

REAGERER: Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund er kritisk til statsministerens utspel.

Foto: Human-Etisk Forbund

Støttar rektorane på Voss

Solberg vil ikkje kommentere Voss spesielt, men seier på generelt grunnlag at det blir feil å droppe den årlege julegudstenesta ut frå ein tanke om at slike tradisjonar kan vera støytande for foreldre og barn med ein annan religiøs bakgrunn.

– Skulen skal lære barn om religion, men ikkje oppdra dei til religion, seier Hedalen.

Han støttar skulane på Voss i å droppe julegudstenesta.

– Vi i Human-Etisk Forbund meiner juleavslutningar skal vere samlande for skuleborna, og det er ikkje skulegudstenesta når relativt mange barn etter kvart må be seg fritekne frå å delta her, seier Hedalen.

– I sitt svar i Stortinget gjekk statsministeren langt i å stemple dei som ikkje ønskjer å delta i skulegudstenestene som avvikarar. Det er beklageleg, seier han.

Erna Solberg foran et juletre. Julestjerne lyser i vinduet bak.

FÅR KRITIKK: Statsminister Erna Solberg får kritikk for utspelet om skulegudstenester.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Ein viktig debatt

Statsministeren understreka at spørsmålet om skulegudstenester er noko den enkelte skule må finne svar på saman med foreldra. Det er ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, einig i.

– Eg forstår statsministeren sitt synspunkt, og eg trur ho peikar på det som for mange har vore kjernen i denne debatten: At mange opplever at moglegheita ein har hatt til å gå i skulegudsteneste no er vekke, seier Ringkjøb.

Han vil gje skulane og kyrkja på Voss ros for at dei er opptekne av å finne løysingar som skal famne om alle elevar.

Likevel tykkjer han at det er noko som går tapt dersom ein ikkje gjennomfører skulegudstenester som før.

– Dette er ein stor og viktig samfunnsdebatt, som vi må tole å stå i uansett. Samtidig registrerer eg at noko av det første som forsvinn i debatten er nestekjærleiken. Det er mange harde ord, og karakteristikkane sit laust på begge sider av debatten. Det synest eg er trist å registrera, avsluttar Ringkjøb.