Hopp til innhold

– Sprøyterom vil redda mange liv

Tidlegare rusmisbrukar arrangerte fakkeltog for sprøyterom i Bergen.

Kristian Soltvedt

Arrangør Kristian Soltvedt haldt appell i fakkeltoget.

Foto: NRK

Kristian Soltvedt har vore avhengig av heroin, men har kome seg ut av rusmisbruket og er no rusfri. Torsdag ettermiddag arrangerte han fakkeltog for sprøyterom, og over 50 personar møtte opp på Torgallmenningen for å delta i fakkeltoget.

Soltvedt meiner det er hans plikt å jobba for å få på plass sprøyterom i Bergen.

– Eg har opp gjennom åra mista mange folk av overdoser, også nære venner. Då synest eg det er mi plikt å få med mest mogleg folk og fortelja at nok er nok, seier han til NRK.

23 døydde av overdose i fjor

– Eit sprøyterom vil redda mange liv og det vil gi større verdigheit til den enkelte brukaren av heroin. I tillegg vil ein få fleire folk i kontakt med hjelpeapparatet, seier Kristian Soltvedt.

Bergen har eit av Noreg sine største narkotikamiljø. I fjor døydde 23 personar av overdose i byen, men likevel vil ikkje byrådet ha sprøyterom .

Byrådet vil heller satsa på tiltak som bydelshus med lågterskel-helsetenester til dei rusmiddelavhengige.

LES OGSÅ:

Fakkeltog for sprøyterom i Bergen

Over 50 personar møtte opp på Torgallmenningen for å delta i fakkeltoget.

Foto: NRK

Appell frå politikarar

Ap-politikar Marte Mjør Persen deler ikkje byrådet sitt syn. Ho meiner sprøyterom vil redda mange liv.

– Det viktigaste med eit sprøyterom er at det gjer kvardagen deira sikrare. Dei kan få hjelp til å rusfrie etter kvart, og dei kan setta dosen sin i trygge omgivnadar, slik at ein unngår overdoser, meiner ho.

Mjør Persen deltok i fakkeltoget torsdag ettermiddag. I tillegg til Kristian Soltvedt haldt både ho og andre politikarar som er for sprøyterom appell før fakkeltoget starta.