NRK Meny
Normal

– Som du ser, så har du ein jobb å gjere

Sist veke fortalde NRK om Torgils Rogne og sambuaren som vart treft av steinras på E16. I dag fekk samferdselsministeren halde den tunge steinen som small rett inn i førarhustaket.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå då Torgils Rogne viste samferdselsministeren steinen som small rett inn i førarhustaket.

Tysdag hamna Torgils Rogne og sambuaren midt i eit steinras på veg heim til Voss. Ein rundt ti kilo tung stein trefte førarhustaket på passasjersida. Ruta slo sprekkar, og taket fekk ein kraftig bulk. Rogne skildra opplevinga som sjokkarta.

Torgils Rogne

TREFT: Ulykka skjedde ved utløpet av Fossmarktunnelen mellom Vaksdal og Stanghelle.

Foto: Privat

– Det small heilt vanvettig. Steinen har ifølgje vegvesenet rulla ti-tolv meter ned skråninga, og vi køyrde i 70 kilometer i timen. Dette kunne gått skikkeleg gale, seier han.

Vossingen har gjennom 28 år som yrkessjåfør sett nok av ulykker og nestenulykker på E16 mellom Voss og Bergen, som er svært rasutsett og har fått tilnamnet «dødsvegen».

– Men dette kom som eit sjokk, det må eg berre tilstå. Eg må sei eg har fått eit litt anna syn på vegen i dag, konstaterte Rogne etter hendinga.

Fekk vist steinen

Før regjeringa tek stilling til kva rute som bør bli hovudfartsåre mellom aust- og vest ville samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen prøve ulike ruter frå Oslo til Bergen. Måndag morgon sette ministeren eg bak rattet og prøvde seg på E16 over Filefjell til Bergen.

Då var ingen ringare enn Rogne sjølv som vart hyra inn til å frakte ministeren på E16 frå Trengereid til Bergen for å vise korleis vegane er. Då nytta Rogne høvet til å vise steinen og fortelje om den ekle opplevinga han fekk sist veke direkte til samferdselsministeren.

Taket Torgils Rogne

BULK: Tydeleg merke i taket etter der steinen trefte.

Foto: Privat

– Eg har tatt med steinen så du kan få sjå den med dine eigne auge. No kan ministeren få lov til å løfte den og gjette vekta, seier Rogne medan han gir steinen til Solvik-Olsen.

– Det var ein skikkeleg tung stein, seier samferdselsministeren medan studerer steinen.

– Den er på 23,8 kilo og den fekk eg rett i styrarhuset. Den opplevinga kunne eg godt vere forutan. Det var skikkeleg ekkelt, så no har du ein jobb å gjera med vegen her, legg Rogne til.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.