Hopp til innhold

– Skulenedlegging er prisen ein må betala

Hordaland fylkeskommune investerer fleire milliardar i oppussing av gamle skular. – Me må legga ned nokon skular for å fylla opp dei nye plassane, seier opplæringsdirektør.

Årstad

VERT REHABILITERT: På Årstad vidaregåande skule investerer fylket 600 millionar for å rusta opp. Det gjev fleire skuleplassar.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Berre på fire ulike skular i Bergen har fylket investeringar for 2 milliardar kroner.

Samtidig står over 20 prosent av skuleplassane i Hordaland tomme. Til samanlikning er 97 prosent av kapasiteten i den vidaregåande skulen i Rogaland utnytta.

Førre veke vart det klart at Fylkesrådmannen anbefaler at Garnes vidaregåande skule og Fana Gymnas vert lagt ned.

– Må fyllast opp

På Årstad vidaregåande skule er arbeidet med å pussa opp godt i gang.

Auditorium, amfi, verkstadar. Alt vert nytt. I dag går det om lag 900 elevar på skulen, men den restaurerte skulen vil ha plass til 200 fleire.

Opplæringsdirektøren er klar på at elevar bør flyttast frå andre skular for å fylla skulen.

– Dei nye bygga me har er veldig viktige å fylla opp. Dei har me uansett. Då må det gjerast grep andre plassar, seier opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Svein Heggheim.

Svein Heggheim

MÅ GJERA GREP: Dei nye skuleplassane må fyllast opp, meiner opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Svein Heggheim.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Overkapasitet på allmennfag

I tillegg til Årstad, er Amalie Skram, Bergen Katedralskule i sentrum og Nordahl Grieg i Ytrebygda skular der det vert satsa stort.

– Det er den same problemstillinga som viss du har eit eldre hus og bygger deg eit nytt. Du bygger deg nytt fordi du skal bruka det nye. Då må du vurdera om to hus er for mykje, seier Heggheim.

Alle investeringane bidreg til at det i dag er ein overkapasitet på det som ein gong heitte allmennfag i Bergen.

Fylkeskommunen tilbyr opp mot 1150 skuleplassar meir enn det finst elevar til. I tillegg er dei gamle bygga dimensjonert for langt fleire elevar enn skulane har i dag.

– Ledig kapasitet kostar pengar. For kvar pult som står tom så betalar me likevel ein god del for å halda den pulten der. Så me må ha ein riktig struktur og størrelse i forhold til det elevtalet me har. Slik er det ikkje i dag.

VIDAR JETMUNSEN

NYTT: Driftsleiar Vidar Jetmundsen er ansvarleg for opprustinga av Årstad vidaregåande som snart også skal utdanna frisørar og hudpleiarar.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Kamplysta har vakna

Reaksjonane har komme som bestilt. I dag demonstrerer elevar frå Fana gymnas på bybanestoppa i Bergen. I Arna bur både elevrådsleiar Mathilde Tunestveit Knutsen og rektor Aud Åsne Kvamme seg på kamp.

– Me har behov for å ha denne skulen i bydelen vår. Om dei fjernar den så mistar me svært mykje, seier Tunestveit Knutsen.

– No er kamplysta vakna. Me skal kjempa med nebb og klør for å behalda skulen vår, for me er heilt overbevist om at me har ein god skule med eit godt læringsmiljø for elevane. Det er det ein skule skal vera, seier Kvamme.

Tysdag startar opplæringsutvalet i fylkeskommunen den politiske jobben.