NRK Meny
Normal

– Skulekapasiteten er kritisk

I løpet av fire år vil skulekapasiteten i Årstad bydel i Bergen verta sprengd. Det viser ein gjennomgang NRK har gjort av Bergen kommune sine elevtalsprognosar.

skule

KRONSTAD SKULE: Ein gjennomgang NRK har gjort viser at det om fire år vil vera fleire skuleelevar i Årstad bydel enn skulane kan romma. Landås skule er einaste unntak.

Foto: Sølve Rydland

– Det vart for få kvadratmeter per elev og det kan bli for lite luft inne i rommet til kvar elev, seier rektor Torstein Ingebrigtsen på Kronstad skole.

Dei fire siste åra har elevtalet på denne skulen vore høgare enn det skulen er bygd for å tola.

– Vi har valt taktikken som seier at hjarterom er det husrom, men det vart dårleg med husrom etter kvart, seier Ingebrigtsen.

Elevvekst skapar trøbbel

No er det same i ferd med å skje på seks av sju skular i Årstad bydel. Ein gjennomgang NRK har gjort av kommunen sine elevtalsprognosar viser at det om fire år vil vera fleire skuleelevar i bydelen enn skulane kan romma. Landås er einaste unntak.

– Vi har ein gledeleg utfordring i det at det mange barn i Årstad, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen frå Høgre, som ikkje ser nokon grunn til å krisemaksimera.

Martin Smith-Sivertsen og Torstein Ingebrigsten

KLAGER: – Det kan bli for lite luft inne i rommet til kvar elev, seier rektor Torstein Ingebrigtsen på Kronstad skole til byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Sølve Rydland

Kjøper døveskulen

I går møtte han opp på Kronstad skole for å fortelja at kommunen har ordna ein avtale om å kjøpa den statlege døveskulen Hunstad som ligg rett over gata.

– Å sjå det i saman med denne skulen, sånn at ein kan få ein fin skule som og tar høgde for kapasitetsutfordringa som er i dette området, seier Smith-Sivertsen.

Staten skal truleg ut av bygget i 2017.

Korleis kommunen vil møta resten av utfordringane i bydelen vil komma fram i skulebruksplanen – som kjem etter valet til hausten.

– Me har kontroll. Men dette er det naturleg at me følgjer opp i skulebruksplanen, seier byråden.

Pål Hafstad Thorsen

BOMMA: Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet, meiner at Bergen kommune har bomma heilt fullstendig på skulekapasiteten.

Foto: Sølve Rydland

– Det er kritisk

– Det løyser berre floka for Kronstad sine elevar, den avlastar ikkje noko særleg meir i Årstad bydel. Eg vil påstå at det er kritisk, seier leiar i oppvekstkomiteen i bystyret Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet.

Han meiner byrådet har mista kontrollen.

– Eg meiner at Bergen kommune har bomma heilt fullstendig. Ein har ein veldig klar strategi at fleire skal bu i Årstad bydel, men ein har aldri klart å kome med skuleutbygging og barnehageutbygging som ha møtt desse utfordringane, seier Thorsen.

I tillegg til kjøpet av Hunstad kan det tidlegare lærerskolebygget bli tatt i bruk som skolebygg. Truleg vil den internasjonale skolen som i dag holder til på Slettebakken skole bli flytta dit. Dette vil kunne betre kapasiteten på Slettebakken noko.

Fridalen skole

SNART FULL: Allereie ved skulestart i 2018 vil kapasiteten ved Fridalen skole vera sprengd.

Foto: Sølve Rydland

Vil ta lang tid

Heidi Tofteraa Slettemoen og foreldra på Kronstad skole er glade for ei løysing for sin nærskule. Men dei trur det vil ta tid før elevane vil kunna ta Hunstad skole i bruk.

– No gjeld det å finne ei løysing den tida eller det tiåret det kan ta før vi kan flytte inn i nye lokale. Vi fryktar at det vil ta tid, seier Slettemoen.

Ho er òg uroa for situasjonen til dei andre barna i bydelen.

– Den situasjonen vi har sett over tid her, unner vi ingen, seier Slettemoen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo