Hopp til innhold

– Sjukeheimspasientar får antidepressiva utan å ha depresjon

Berre halvparten av sjukeheimspasientane som går på antidepressiva, har diagnosen depresjon, syner ny forsking.

Sykepleier sammen med beboer på sykehjem

I halvparten av tilfella stod pasienten på antidepressiva utan å ha ein depresjonsdiagnose. (ILLUSTRASJONSFOTO)

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Eg tykkjer det er alvorleg. Dette er ei gruppe som gjerne er veldig sjuke, og ikkje kan snakke for seg sjølve, seier Kristina Iden, forskar ved Allmennmedisinsk forskningsenhet, Uni Research Helse i Bergen.

Video Store forskjeller i medisineringen av psykiatriske pasienter

Forskinga frå UiB syner at mange sjukeheimspasientar får antidepressiva, utan depresjonsdiagnose.

Foto: Nyhetsspiller

Ho har forska på depresjon på sjukeheimar, og har sett at ein ikkje treng å ha diagnosen depresjon, for å få antidepressive medisinar.

– I halvparten av tilfella stod det i journalen deira at dei fekk medisinen for depresjon. I resten av tilfella anar me ikkje kva som er årsaka, seier Iden.

LES OGSÅ: Eldre på antidepressiva får oftare hoftebrot

– Får medisin istandefor samtale

Eldre kvinne

- IKKJE TID: Helsearbeidarane som blei intervjua fortalde at dei ikkje hadde tid til å snakke med dei eldre som er triste. (illustrasjonsfoto)

Foto: Frank May / NTB scanpix

Pleiarane som var informantar i forskinga fortalde at dei ikkje har tid til å setje seg ned og snakke med eldre som er triste og lei seg.

Dette syner at sjukeheimspasientar blir sett på anidepressiva for lett, seier Iden.

– Piller har me nok av. Tid er mangelvare her. I mangel av å nettopp kunne snakke med pasientane, gjev ein medisin. For det er betre å gjere noko, enn å ikkje gjere noko, seier ho.

LES OGSÅ: Færre legemidler ga eldre et bedre liv

Fylkeslegen: – Skal ikkje vere slik

Helga Arianson

Fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Helga Arianson er fylkeslege i Hordaland. Og ho er krystallklar på kva krav ho stiller til sjukeheimane.

– Det skal ikkje vere slik. Legemiddel skal ikkje erstatte menneske og menneskeleg kontakt.

LES OGSÅ: Telemark: Bruk av antidepressiva går ned | Slår alarm om eldres psykiske helse