Hopp til innhold

– Sjølv om skuta går ned kan du ikkje melde pass

Egil Brattli har følgt Brann sidan 1970. Sjølv om det kan sjå stygt ut, stiller han opp på Brann Stadion i morgon saman med over 16.000 andre.

Siste branntrening før skjebnekampen

VIKTIG KAMP: Søndag møter Brann Sogndal på Stadion i Bergen. Tapar heimelaget, rykker dei direkte ned i 1. divisjon. Biletet er frå møte mellom dei to laga 20. mai i år. Foto/redigering: Kjell Jøran Hansen.

Nesten 16.000 billettar er rivne bort før søndagens oppgjer mellom Brann og Sogndal. Tribunane blir truleg fulle under kampen som kan sende Brann direkte ned i 1. divisjon, for fyrste gong på 29 år.

Egil Brattli

STILER OPP: Egil Brattli var ein av supporterane som sikra seg ein billett til søndagens kamp i dag.

Foto: NRK

Inne på Brann-butikken laurdag er det lange køar for å sikre seg ein plass på Stadion under det som blir ein av årets viktigaste kampar for Brann. Egil Brattli er ein av dei. Han vil aldri svike laget sjølv om det går trått.

– Eg har vore med på dette tidlegare. Opp og ned, opp og ned. Og eg har hatt kort på Brann-stadion no sidan 1970. Dette kjenner me til.

Han manar til den trufaste supporteren, han som møter opp sjølv om det går nedover.

– Sjølv om ei skute går ned kan ikkje du berre melde pass. Det blir som å trakke på ein som ligg nede. Du skal prøve å hjelpe han opp att. Det må me gjere.

LES OGSÅ: – Bagatellar kan snu det til ein høgrisikokamp

(Artikkelen held fram under biletet)

Bergen 20140406.Eliteserien fotball 2014: Brann - Stabæk. Brann og Erik Huseklepp tapte 1-2 i eliteseriekampen mellom Brann og Stabæk på Brann stadion søndag.Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

TUNGT FOR HUSEKLEPP: – Det er forferdeleg tungt. Hjarta mitt blør. Ingen skal tvile på kvar hjarta mitt ligg, det er i Brann.

– Hjarta mitt blør

Under Branns siste trening før kampen, var det optimisme å spore hos spelarar og trenar.

Det er forferdeleg tungt. Hjarta mitt blør.

Erik Huseklepp

– Det er ikkje vits i å snakke om kor alvorleg det er no. No er det berre til å tenke på i morgon, seier Erik Huseklepp.

Men å sjå laget sitt falle saman, har ikkje vore lett for Brann-spelaren.

– Det er forferdeleg tungt. Hjarta mitt blør. Ingen skal tvile på kvar hjarta mitt ligg, det er i Brann. Eg har spelt her i ni år og vore supporter i tjue år før det. Det er klart at det smertar meg, men eg lovar at eg gjer alt eg kan.

LES OGSÅ: «Dei store byane ser litt ned på oss bøndene frå Sogn. Då er det ekstra kjekt å ta dei litt»

– Her elskar ein uansett

Brann-trenar, Rikard Norling, meiner det høge publikumstalet under kampen søndag, kan gje laget styrke.

Rikard Norling

SØNDAG ER DET ALVOR: Rikar Norling vil ikkje la presset om å vinne stå i vegen for Brann på søndag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det seier utruleg mykje om Sportsklubben Brann. Me fyller nesten stadion i ein kamp som i og for seg betyr mykje. Men ved eit mogleg nedrykk er det kanskje meir normalt å overgje dei som ein elskar. Her elskar ein uansett. Det er ei stor styrke. Eg håpa verkeleg me kan bruke det til å få eit overtak i morgon.

– Me tek situasjonen på fullt alvor. Samstundes er det viktig at det ikkje blir noko avgrensing hos oss, at me får ut så mykje energi som me overhovud kan for å gjere ein så god innsats som mogleg.

LES OGSÅ: – En klubb som Brann skal ikke bare rykke ned