NRK Meny
Normal

– Vi greier ikkje ta unna all snøen

Snømengdene er så store og tunge at Statens vegvesen ikkje greier bli kvitt det. Fleire vegstrekningar er stengt av snøfall og ras.

Odda

STENGT I ODDA: Snømengdene i Odda har vore så enorme i dag, at Statens vegvesen har stengt fleire vegstrekningar.

Foto: Johan Sandven

Eit snøras sperrar delar av E134 aust for Langfoss ved Åkrafjorden laurdag. Entreprenør er på veg, E134 frå Jøsendal i retning Haugesund er stengt medan ryddearbeidet går føre seg.

snø

JØSENDAL: Ein brøytebil forsøker å rydde unna store mengder snø på E134 ved Kløvet.

Foto: statens vegvesen

Enorme mengder med tung snø gjer at Statens vegvesen har stengt fleire vegstrekningar, på E134 mellom Røldal og Jøsendal, og mellom Røldal i Odda og Fjæra. Riksveg 13 frå Jøsendal til Odda er stengt ved Vasstun.

– Får ikkje brøyta nok

stengt rv 13 vikafjellet

VIKAFJELLET: Rv13 over Vikafjellet er stengt. Slik såg vegen ut på Statens vegvesen sitt webkamera laurdag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

– Det er rett og slett sånne mengder med snø at ein ikkje klarar å brøyte godt nok. Tre brøytebilar har vore ute på ein av strekningane der, og likevel får ein ikkje rydda godt nok, seier vaktoperatør i Statens vegvesen Morten Hansen.

– Vi stengde vegen for å få ut bilane, slik at vi kan rydde skikkeleg.

På fjellovergangane i fylket er Hardangervidda no open. Haukelifjell held framleis stengt, og Rv 13 over Vikafjellet er stengt fram til måndag.

Snørydding i Myrkdalen

INFERNO: Lenger nord i fylket har dei køyrd lass på lass med snø vekk frå hyttefelta. – Dette er vanvitig, det er eit kvitt inferno, seier hytteeigar i Myrkdalen.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.