Hopp til innhold

Vogntog fullt av dynamitt sperra E16

Politiet melder om vogntogtrøbbel fleire plassar i fylket. – Det er så glatt at patruljen har problem me då stå på beina, seier politiet.

Trailer utfor vegen ved Vinje på E16

STENGT: I føremiddag har eit vogntog hatt store problem på E16 ved Sundve på Voss, og vegen har vore delvis sperra.

Foto: Geir Geitle / Avisa Hordaland

E 16 har vore stengt mellom Voss og Vinje, på grunn av berging av eit vogntog lasta med dynamitt.

Like før halv 12 melder vegtrafikksentralen at vogntoget er taua bort. Brøytebilar skal no inn for å rydde vegen, før vegen vert opna for trafikk.

Politiet er i området og skal ha hatt store problem med å halde seg på beina.

– Det er klinkande kule der no. Då patruljen gjekk ut av bilen, var det så glatt at dei hadde problem med å stå på beina, seier operasjonsleiar i politiet, Preben Vallestad.

Bergensbanen er stengt

Også på veg opp Gullbotn har eit vogntog fått vanskar i dag.

– Det har vore ein travel dag og mykje å gjere. Vogntoget som sperrar på E16 er i ferd med å bli fjerna, seier vaktkommandør i vegtrafikksentralen, Kristian Fauskan.

LES OGSÅ: Trøbbel i trafikken også i dag

Tysdag er det fleire problem med trafikken i området kring Voss. Bergensbanen er no stengt mellom Voss og Dale fordi straumen har gått mellom Evanger og Bulken. NSB jobbar med å ordne bussar og drosjer.

Få dei siste oppdateringane frå trafikken hos NRK trafikk

Slik ser det ut på Gullbotn i dag

GULLBOTN: På veg opp Gullbotn har eit vogntog fått vanskar på det glatte føret. Foto: Sissel Rikheim

Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar

Ifølgje vegtrafikksentralen er no føreforholda i bergensområdet i ferd med å betre seg, men det er framleis mykje snø og dårleg føre på Voss og fleire andre stader i fylket.

Det er også kolonnekøyring over fleire fjellovergangar:

  • Kolonnekøyring over Haukelifjell. Oppdatert: E134 Haukelifjell er opent.
  • Hol–Aurland er stengt
  • Kolonnekøyring over Hardangervidda
  • Trafikken går fint over Filefjell