NRK Meny
Normal

– Ringte og sa han vart knivstukken

Issa Hammer vart ringt frå Ytrebygda Mottak like før knivdrapet der skjedde tysdag.

Drap på asylmottak i Bergen

Mottaket i Ny-Paradis 76, vart stengd av tysdag kveld, og det har vore vakthald i natt.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Hammer har jobba som tolk for Bergen kommune, og fekk ein telefon frå ein ven frå Afghanistan, som bur på mottaket i Ny-Paradis 76.

– Han ringte og fortalte at ein mann frå Somalia gjekk laus på ein tredje kamerat frå Afghanistan, med kniv, fortel han.

Hammer ringte då politiet, og då dei kom til staden fann dei ein person død av knivskadar.

Held vakt

– Både dei som bur på mottaket, og dei tilsette tek dette sjølvsagt veldig tungt, seier regiondirektør i UDI, Atle Berge.

Etter knivdrapet tysdag, måtte alle bebuarane flytte ut, og har i natt budd på det Lønningshagen leir ved Flesland. Det har i natt vore vakthald ved mottaket i Ny-Paradis.

– Veit lite

Han kan ikkje sei noko om kva nasjonalitet dei involverte er. Men politiet bekrefta tysdag at dei to ikkje er frå det same landet. Ved mottaket bur det folk frå Afghanistan, Eritrea, Etiopia og Somalia.

– Sidan me veit så lite om det som har skjedd, og bakgrunnen for den tragiske hendinga, så vil me sikra staden, seier Berge.

Høyrt noko om konflikter ved mottaket?

– Nei, me har ikkje hatt noko signal om det. Eg har vore å snakka med dei tilsette om det som har skjedd, og det har ikkje vore noko uro som kunne gje grunn for ei slik hending, seier han.

– Må ha omsorg

Berge var ved mottaket heile kvelden etter drapet.

– Det som er viktig no, er å ta vare på dei som bur og jobbar på mottaket, seier han.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo