Hopp til innhold

– Resultata er som forventa

Politiets Fellesforbund i Hordaland er ikkje overraska over dei negative tilbakemeldingane frå dei tilsette i Hordaland politidistrikt.

Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund

SOM FORVENTA: Kjetil Rekdal, leiar for Politiets Fellesforbund i Hordaland meiner at resultata frå medarbeidarundersøkinga er som forventa.

Foto: NRK

Hordaland politidistrikt får slakt i ei fersk medarbeidarundersøking. To av tre tilsette seier dei ikkje har tillit til at politimeisteren leiar politidistriktet på ein god måte.

– Den viser ein del ting som er som forventa. Eg kjenner ikkje undersøkinga i detalj, men ein del ting på det negative er som forventa, seier Kjetil Rekdal, leiar for Politiets Fellesforbund i Hordaland.

To av tre har ikkje tillit

Den ferske undersøkinga er nedslåande lesing for leiarane i Hordaland politidistrikt.

Der kjem det fram at berre 34 prosent av dei tilsette har tillit til at politimeisteren si leiargruppe leiar politidistriktet på ein god måte. Dette er ei negativ utvikling frå førre undersøking, der 57 prosent svarte at dei hadde tillit til leiaren.

– Hordaland politidistrikt er og har vore gjennom ein krevjande situasjon. Det er noko som pregar alle som jobbar hos oss. Difor må vi berre forvente at dette vil gjere utslag i ei medarbeidarundersøking, seier Rekdal.

Politidistriktet har vore utsett for skarp kritikk det siste året etter at Monika-saka sprakk i media.

Bergen Politikammer

FÅR SLAKT: 67 prosent av dei tilsette i Hordaland politidistrikt seier dei ikkje har tillit til at leiinga leiar politidistriktet på ein god måte.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Må leggje fram konkrete tiltak

Det er 80 prosent av dei tilsette ved Hordaland politidistrikt som har svart på medarbeidarundersøkinga. Det tyder at 832 personar i politiet har nytta høvet til å seie si meining om tilstanden i politidistriktet.

No er det viktig for fellesforbundet å ta tak i undersøkinga og jobbe vidare ut ifrå den.

– Her må vi leggje fram konkrete tiltak som må bli betre, og vi må prøve å byggje opp igjen tilliten til leiargruppa i politidistriktet. Om leiarane våre skal vere i stand til å gjere ein god jobb, så er det heilt avgjerande at dei har tillit. Det ønskjer vi både for dei tilsette, og ikkje minst for publikum, legg Rekdal til.

– Ei leiing som har så liten tillit blant dei tilsette, kan den fortsetje?

– No er det ikkje opp til fagforeininga å vurdere om dei skal fortsetje eller ikkje. Det viktigaste no er at vi tar medarbeidarundersøkinga på alvor, og at vi jobbar oss gjennom den, seier Rekdal.

I ei pressemelding frå politiet, kjem det fram at leiarar og medarbeidarar skal no samarbeide om å lage oppfølgingsplanar og desse skal vere klare før sommaren.