Hopp til innhold

– Religion høyrer ikkje heime i barnehagen

Det er viktig å fortelje born om ulike høgtider, men ein skal ikkje drive med religion i barnehagen, meiner religion- og samfunnsfaglektor.

Barn leker

VIKTIG: Born må lære om kvarandre, slik at ein ikkje vert framand, seier Geir Winje, førstelektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Foto: /colourbox.com / /colourbox.com

Kulturskilnadar og nye religion- og trusretningar er blitt ein del av samfunnet vårt. Dette ønskjer Utdanningsdirektoratet skal formidlast allereie på barnehagenivå.

Ulike trus- og livssyn

Rammeplanen for barnehagane seier at ein skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i ei barnegruppe.

I Nygårdsparken barnehage i Bergen er heile 14 nasjonalitetar representert. Styrar Katrine Hausberg seier at dei er opptekne av å gjere borna bevisst på ulike trus- og livssyn.

– Born og foreldre kjem gjerne til barnehagen og fortel om sine tradisjonar rundt høgtider dei markerer i heimen. Dette trekk vi gjerne fram og delar, slik at fleire kan få kjennskap til ulike tradisjonar og markeringar, seier ho.

– Snakk med ungane

– Viss born er vekke frå barnehagen på grunn av ei høgtid, er det viktig å fortelje dei andre borna kvifor. Alle i Noreg lærer om jul, påske og pinse fordi dei inneber ekstra fridagar. Det er difor tullete å ikkje forklare om andre høgtider der andre born har fri, seier Geir Winje.

Han er førstelektor på Institutt for menneskerettar, religion og samfunnsfag ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

– Ein skal ikkje drive med religion i barnehagen, det høyrer ikkje heime der. Men ein må jo snakke med barna om religion, dei skal jo få hjelp til å forstå mangfaldet, seier Winje.

Øystein Brekke, førsteamanuensis på Institutt for barnehagelærarutdanning ved Høgskulen i Oslo og Akershus, har bidrege i boka «Barnehagedidaktikk», som kom ut i desember 2014.

Han skriv om barnehagane sitt forhold til religion og tru.

– Foreldre, tilsette og born representerer eit nytt mangfald på religions- og livssynsfeltet, som i samfunnet elles, og då er det viktig at den pedagogiske formidlinga kring tema speglar det, seier han.

Filosoferar med borna

Barnehagestyrar Hausberg fortel at dei markerer Id, Ramadan, faste, og ulike jule- og nyttårsfeiringar.

– Vi er bevisst i måten vi formidlar oss på, spesielt når vi filosoferer saman med borna rundt dei eksistensielle spørsmåla, seier Hausberg.

I påska formidlar dei ingenting om det kristne påskeevangeliet.

– Vi arrangerer påskefrukost med foreldra. Fokuset vårt er at det er vår, på det som veks, spirer og snart blir grønt, seier Hausberg.