Hopp til innhold

– Regjeringa har bløffa studentane

Venstre kallar dei raudgrøne partia sitt løfte om elleve månadars studiestøtte for ein bløff. – Regjeringa har bløffa studentane, seier professor Frank Aarebrot.

Studenter demonstrerte for studielån i 11 måneder

STUDIESTØTTE: Ytterlegare ein månad med studiestøtte har vore eit viktig krav frå studentane i mange år.

Foto: Magnus Brattset Drabløs / NRK

Mathias Fischer, Venstre

SKUFFA: Venstre sin ungdomskandidat Mathias Fischer er skuffa over Regjeringa.

Foto: Privat
Eigil Knutsen

VRIEN MÅNAD: Arbeidarpartiet sin ungdomskandidat Eigil Knutsen vedgår at juni er ein krevjande månad for studentane.

Foto: Arbeidarpartiet
Frank Aarebrot

BLØFF: Professor Frank Aarebrot meiner dei raudgrøne har lurt studentane.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

I åtte år har Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti lova at dei skal gjera noko med studiestøtta i månaden mange studentar slit med å få endane til å møtast.

I juni, når mange studentar har eksamen, kjem det ikkje studielån frå Lånekassen. Men løftet om elleve månadar med studiestøtte har vist seg å vera lite anna enn valflesk.

«Den store studiestøttebløffen»

Venstre fleskar til og kallar det løftebrot og «den store studiestøttebløffen».

– Alle tre partia var samde om det då dei gjekk inn i regjeringsforhandlingar, men greidde ikkje å prioritera dette i møtet med seg sjølv, seier Mathias Fischer som er Venstre sin ungdomskandidat til Stortingsvalet i Hordaland.

Han viser til at regjeringspartia har røysta ned forslaget heile seks gongar i Stortinget.

– Då har dei rett og slett lurt studentane, seier Fischer.

Ifølgje lånekassen vil forslaget kosta om lag ein halv milliard kroner.

– Juni er vanskeleg

Arbeidarpartiet sin ungdomskandidat Eigil Knutsen vedgår at juni er ein krevjande månad for mange studentar. Mange må ta eksamen i juni og må venta til midten av juli før dei får den første utbetalinga frå sommarjobben.

– Det er vanskeleg. Ein skal betala husleiga, og plutseleg så kjem ikkje pengane frå Lånekassen, seier Knutsen.

Han meiner likevel at Regjeringa ikkje har svikta studentane, men prioritert studentbustadar framfor studiefinansiering.

– Bustad er den største utgifta til studentane, og me må gjera noko med leigemarknaden. Då er studentbustadar rett og slett genialt, seier femtekandidaten til Arbeidarpartiet i Hordaland.

Aarebrot: – Det er ein bløff

Professor i samanliknande politikk og Ap-sympatisør Frank Aarebrot er ikkje i tvil. Han meiner dei raudgrøne partia har bløffa studentane.

– Både fordi dei raudgrøne, trass i at det står i programma deira, ikkje har gjennomført dette på åtte år. Men òg fordi at dei to største partia på borgarleg side ikkje har dette i programma sine, seier Aarebrot.

Om meiningsmålingane heldt stikk og det vert regjeringsskifte, meiner Aarebrot at studentane må kryssa fingrane for at Venstre hamnar over sperregrensa.

– Dette er ei relativt lita, men symboltung, sak. Så kanskje Venstre kan få gjennomslag for denne saka i eventuelle forhandlingar med Høgre og Framstegspartiet, spekulerer professoren.

Også Framstegspartiet har eit programfesta ønskje om å utvida studiefinansieringa til elleve månadar i sitt nye program.