Hopp til innhold

– Regjeringa gjer det umogleg å sjå konsekvensane av samanslåing

Ordførarar frustrerte over «reformjungel». – Det er som å vere på fjellet, med kart, men utan kompass, illustrerer Tysnes-ordførar Kjetil Hestad.

Kjetil Hestad og Astrid Aarhus Byrknes

SAMANSLÅINGSKRØLL: Ordførarane Kjetil Hestad (Tysnes) og Astrid Aarhus Byrknes (Lindås) seier manglande informasjon om framtidige inntekter gjer det umogleg å forhandla om kommunesamanslåing.

Foto: NRK

Samstundes som kommunane blir oppfordra til å slå seg saman gjennom kommunereforma, har regjeringa lansert forslag om eit nytt inntektssystem for kommunar, samt forslag om å ta bort skatten på industrianlegg.

LES OGSÅ: – Tror ingen vil godta dette uten videre

Helge Eide

VEIT INGEN TING: – Vi veit jo ingen ting om framtidige endringar i inntektssystemet, eller kva kompensasjon kommunane får for bortfallet av inntektene frå industrianlegga, seier KS-direktør Helge Eide.

Foto: NRK

No meiner Kommune-Noreg samanslåingsdiskusjonane blir hemma av reformforslag som ingen veit konsekvensane av.

– Det må gjerne kome mange reformer og mange forslag, men dei må vere skikkeleg gjennomtenkte. Heile saka er blitt så fragmentert, når vi ikkje kjenner konsekvensane av dei ulike forslaga, seier KrF-ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes.

– Det er snakk om milliardbeløp

Byrknes leier eit nettverk av sju kommunar som har ilandføringsanlegg for olje og gass. Desse kommunane blir verst ramma av den eine reforma, viss regjeringa fjernar ein lokal eigedomsskatt på industrianlegg.

– Der er det snakk om milliardbeløp i tap. Det gjeld over 300 kommunar, og vi veit enno ikkje kva for kompensasjon vi vil få. Det nye inntektssystemet for kommunane veit vi heller ikkje rekkevidda av, seier Byrknes.

Dermed blir det svært utfordrande å gå inn i seriøse forhandlingar om samanslåing med andre kommunar, meiner ho.

– Økonomi vil spele ei veldig viktig rolle i dei samtalene, men summen av desse forslaga gjer at det blir veldig vanskeleg å handtere.

KS: – Vi veit jo ingen ting

Helge Eide, direktør i kommunane sin interesseorganisasjon KS, er einig med Byrknes, og meiner regjeringa må informere betre.

– Vi veit jo ingen ting om framtidige endringar i inntektssystemet, eller kva kompensasjon kommunane får for bortfallet av inntektene frå industrianlegga, seier han.

Kjetil Hestad (Ap) i Tysnes er mellom ordførarane som har vore mest positiv til samanslåing. Men no er han ikkje like ivrig lenger.

– Eg er veldig for ein kommunereform. Men entusiasmen min er i fritt fall, fordi dette er for dårleg førebudd frå regjeringa si side. Vi veit ingenting om kva endringane i inntektene blir. Å skulle diskutere kommunesamanslåing under slike føresetnader, er som å vere på fjellet, med kart, men utan kompass, meiner Hestad.

– Skapar stor frustrasjon i kommunane

Kjetil Hestad

FRUSTRERT: – Det er for mange uklarheiter, seier Tysnes-ordførar Kjetil Hestad.

Tysnes-ordføraren meiner regjeringa må innstille seg på at samanslåingsentusiasmen er på veg ned i Kommune-Noreg.

– Det er for mange uklarheiter, og det skapar stor frustrasjon i kommunane når ein ikkje veit meir om framtidig inntektsstruktur. Staten kan ikkje forventa at kommunane skal setje seg ned og lage nye kommunekart, når vi ikkje har totalbiletet, meiner Hestad.

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner kommunane må godta at dei ikkje har full oversikt over alle økonomiske og andre effektar når dei vurderer kommunesamanslåing.

– Kommunane må ta inn over seg at verda ikkje står stille. Ein kan ikkje sitte og vente på at alt blir fastlagt, for det blir det ikkje. Når det gjeld uvissa om inntektssystemet, har vi sagt at det vi skal gjennomgå systemet, og at det ikkje skal bli store omveltningar, svarar Jensen.