Hopp til innhold

– Puppane er vel ikkje skeive?

Å ta proffe nakenbilde av seg sjølv hos fotograf er ein veksande trend. – Dei får betre sjølvtillit, seier fotografane. – Dette er trist, svarar kjønnsforskar.

Ho går til fotograf og får tatt proffe nakenbilder av seg sjølv. Det er ei trend for vaksne kvinner i dag.

SJÅ VIDEO: Dette nakenbildet vil Elin sjå på kvar morgon.

– Eg likar å vere litt sånn «crazy lady»!

Ho seier det med overtyding, men nervane til Elin Mosevoll har så smått begynt å vakle. Elin er snart 38 år, har to barn og om litt skal ho stå naken. Framfor ein fotograf.

Moderne boudoir

MED OG UTAN KLEDE: Damene tar som regel nokre bilete som er godt dekka over, og nokre bilete der dei er heilt nakne. Foto: Elisabeth Hatland

Foto: Elisabeth Hatland

– Dei kjem til å seie «å, typisk Elin!» Andre begynner å sykle Birken når dei rundar førti, mens eg tar nakenbilete av meg sjølv, seier Elin.

Skal hengje på veggen

Ein stylist ordnar sminke og hår, noko Elin ikkje har opplevd sidan ho var 19 år og rødmande brud.

– Den gongen var eg usikker. Oppteken av å vere slik som alle andre ville at eg skulle vere. No vil eg gjere ting for meg sjølv og ikkje bry meg så mykje om å gjere som andre vil.

Bildet skal henge på ein synleg stad i heimen. På den veggen ho går forbi kvar morgon når ho står opp.

– Før kunne eg stå framfor spegelen og tenke «dette er feil, og dette er feil ...» No vil eg begynne dagen med å sjå at eg er i orden. Sjå meg sjølv på ein annan måte enn eg har gjort i ein del år.

– Trend frå USA

Fotograf

NAKENFOTOGRAF: – Dei fleste er gjerne 30 år, det gøyaste er dei som er litt eldre og har barn, seier fotograf Ingrid Aasen Wærness.

Foto: Runa Victoria Engen

Boudoir-fotografi har blitt populært i Norge. Damene blir sminka og styla, tek på seg eksklusivt undertøy og poserer for ein proff fotograf. Dei kan somme gongar vere nakne, men det handlar meir om hint og kva ein ikkje ser.

– I Bergen begynte det å ta av skikkeleg for to år sidan. Trenden kom til Oslo litt før, fortel Ingrid Aasen Wærness, Elins fotograf hos Studio1 i Bergen.

– Dei fleste damene er gjerne over tretti år og har fått barn. Det gøyaste er når det kjem vaksne kvinner, frå førti og opp. Då er det sånn, «Ja! Du er førti og flott!», seier Ingrid.

Det begynte med vågale bruder som ville ha ei frekk morgongåve til sin komande ektemann. Så spreidde det seg. Dei fleste kundane har fått ideen frå ei venninne, ifølgje fotografane.

Fleire fotografar fortel også at gravide kvinner vil ha nakenbilete av seg sjølv. I 2009 hadde ein fotograf fleire kundar som var gravide kvinner enn konfirmantar.

Ikkje tillate med juks

Elisabeth Hatland er fotograf i Bergen og har jobba mykje innan sjangeren. Ho får to til tre førespurnader i veka. No må ho seie nei til mange.

Heime hos

Andletet er skjært ut av biletet av omsyn til modellen, som har gitt sin løyve til at biletet publiserast. Foto: Elisabeth Hatland

Foto: Elisabeth Hatland

– I dag vil dei aller fleste kundane mine berre ha bildet til seg sjølv, ikkje som ei gåve til nokon. Alle seier det same – «eg vil gjere det før det er for seint».

Det er lov å endre på lys og kontrastar i Photoshop, men ingen av «modellane» blir gjort tynnare, meir barmfagre eller unaturleg symmetriske etterpå. Slik ein er vant med i motebransjen.

– Nei, det ville jo ha øydelagd heile poenget; å vise at ein er vakker som ein er. Ein kunde eg hugsar godt, var stomi-pasient med arr etter operasjonar på magen. Etterpå sa ho «du burde kome opp på sjukehuset og ta bilete av alle stomi-pasientane!». Du får eit heilt nytt blikk på kroppen din, seier Elisabeth.

For dristig for fotografen

I Stavanger begynte Marita Gjøse å jobbe med sjangeren i 2009. Etterspurnaden veks, sjølv om ho ikkje annonserer for tilbodet. Dei fyrste som kom, ville gøyme bilda vekk i album, seier ho.

– No kjem dei tilbake og vil framkalle dei stort. Nokre heng det i stua, andre på soverommet. Dei vel ofte ... vel ... meir dristige bilde enn eg ville ha hengt opp sjølv, ler Marita.

Naken, men skjult

IKKJE ALT: Naken, men skjult. Boudoir handlar meir om hint og om ikkje å vise alt. Foto: Elisabeth Hatland

Foto: Elisabeth Hatland

Mange av kundane fortel at dei angrar på kor kritiske dei var då dei var yngre. At dei ikkje såg kor flotte dei eigentleg var. Langt frå alle har kome på den tanken før dei runda 40 år.

– I førre veke hadde eg ein kunde på nærare 60 år. Då får du presset på deg, for du lurar på korleis dei ser på seg sjølv. Ho eine vart så nøgd at ho viste bilda til faren sin på 80 år. Iført berre undertøy.

Fleire fotografar i Oslo fortel at dette har dei drive med i ein fem år no, men det er helst dei siste par åra at dei vaksne damene har kome.

– Må vi vere herlege hele livet?

– Dette er jo litt trist då, og ganske underhaldande, sukkar Hannah Helseth.

Kjønnsforskaren ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo er oppgitt. I 2010 gav ho ut boka «Generasjon Sex», om korleis det å vere sexy har blitt viktigare for unge jenter enn nokon gong.

Hannah Helseth

EIT PROBLEM: Kjønnsforsker Hannah Helseth meiner heile fokuset på utsjånaden er problemet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix


– For damene er dette sikkert moro, men dei er ein del av ein større tendens som er problematisk. Ein skal vere attraktiv to månader etter at ein har fødd. Må vi verkeleg vere «yummy mummy» heile livet? Finst det ingen fasar i livet der ein kan slappe av? spør Hannah.

– Uperfekte kroppar har også sex

Tidlegare var det viktig å vere fin som ung kvinne, i dag er perioden forlenga i begge retningar. Ein må vere seksuelt attraktiv i mykje yngre alder og mykje lenger, meiner Hannah.

– Det hadde vore fint om det fantest fleire måtar å vere sexy på, enn å spele på trutmunn og stå på alle fire. Det er jo ikkje berre dei med perfekt kropp som har sex, seier Hannah.

– Det er jo akkurat det vi jobbar med, svarar Elisabeth.

– Ein kunde fortalde at eg hadde lært ho å setje pris på formane hennar. Mannen sende meg ein mail og takka meg. «Du har fått kona mi til å sjå seg sjølv slik eg alltid har sett ho – vakker» skreiv han.

– Rota til alt vondt

Det er omtrent berre kvinner som gjer dette. Årsaka er at menn ikkje har det same presset på utsjånaden, meiner Hannah.

– Alle blir jo glade av å ha eit fint bilete av seg sjølv, det er ikkje noko gale i det. Men, det blir eit problem i lengda, fordi fokuset framleis er på utsjånaden. Det er der rota til det vonde er.

Fokuset på utsjånaden kan ein ikkje unngå, men ein kan velje kva ein vil fokusere på, svarar Elisabeth.

– Ein god fotograf får dei til å forstå at det finst noko vakkert i alle.

– Eg gjer dette for å markere at eg er trygg på meg sjølv no, seier Elin Mosevoll.

Heng naken i sin egen bar

Bareier May har hengt opp nakenfoto av seg selv i sin egen bar, BarBarista i Bergen.

BAR BARISTA: Denne bareigaren har stilt ut nakenbilete av seg sjølv i baren sin.

– Det var ei utfordring. Nokon spurte om eg var modig nok til å henge det opp i baren min, og eg tenkte «kvifor ikkje?»

Svigersonen til May Vik Medås er fotograf, og ville ta eit aktfoto av henne. Splitter naken ligg ho på ein divan med ein revepels over skuldra som einaste påkledning.

No heng biletet på veggen i baren hennar, BarBarista i Bergen. Rundt det store fotografiet heng bilete av besteforeldre og oldefar.

– Dei fleste kundane gjev berre positive tilbakemeldingar. Det er artig når eg ser at kundane kjenner meg igjen. Dei stirer på meg og på biletet, men dei tør ikkje seie noko, ler May.

– Eg tenker alle aldrar og kroppar har sin sjarm. Kvifor skal ein gøyma seg? Det er jo berre å vise seg fram, og stå for den ein er.

– Der er ei modig dame

Elins bilde

SLIK BLEI DEI: Det ferdige bildet til Elin, som skal minne henne på at ho er modig og sterk. I bunken ligg langt meir avkledde bilete enn dette.

Foto: Ingrid Aasen Wærness / Studio 1

– Er puppane skeive?
– Nei da
, det ser så flott ut!

– Er denne armen kjempestor? Det kan hende låra mine blir enorme ...

Så godt som naken framfor fotografen og NRK.no kjem dei fleste bekymringane fram, dei fleste utan grunn.

– Det fine er at kvinnene tør alltid opp i løpet av fotoshooten og slappar meir av. Det er herleg å sjå, seier fotograf Ingrid.

– Det var skummelt, men eg angrar definitivt ikkje. Eg gler meg til å sjå biletet, seier Elin etter fotograferinga.

Når biletet seinare blir avduka, får ho ein klump i halsen.

– Nei no kjem tårene! Det er nydeleg. Eg fekk jo lange bein jo!

– Når eg ser dette biletet skal eg tenke «der er den modige dama. No skal den modige dama ut og på jobb».