Hopp til innhold

– Produsentane bør fjerna MI frå produkta

Ved Haukeland universitetssjukehus ser ein no stadig fleire tilfelle av kontaktallergi. Astma- og allergiforbundet meiner det allergiframkallande stoffet MI må vekk frå produkta.

Birgitte Viksund

Birgitte Viksund vart alvorleg sjuk av stoffet MI. Haukelund sjukehus opplever at stadig fleire får kontaktallergi.

Foto: Privat

NRK fortalde i går historia til Birgitte Viksund som opplevde å bli svært dårleg etter å ha vore i kontakt med det allergiframkallande stoffet MI.

– Fleire får allergitypen

Seksjonsoverlege ved hudpoliklinikken på Haukeland universitetssjukehus Turid Thune, opplever ein auke i talet på pasientar som blir sjuke etter å ha vore i kontakt med MI. Ho er uroa for bruken av stoffet.

Turid Thune

Seksjonsoverlege ved hudpoliklinikken på Haukeland universitetssjukehus Turid Thune.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff / Den Norske Legeforening

– Me har sett ein auke i det siste, og vi har sett ganske mange pasientar med ganske alvorlege eksemreaksjonar på dette stoffet – det gjer oss uroa.

Thune håper ein kan bruke andre typar stoff i produkta.

– Me håpar ein kan finna konserveringsmiddel som gir mindre allergiar. Me trur at årsaka til at me ser fleire allergiar no, er at dei har auka konsentrasjonen av stoffa etter at dei fjerna alle parabener.

– Må vekk

Astma- og allergiforbundet har oppretta ein produktmerkeordning det eit av krava er at produktet ikkje skal innehalda MI.

– Det er inga tvil om at MI er eit svært helseskadeleg stoff. Det ser ein på bilete av Birgitte Viksund. Det kan gi fæle bivirkningar. Det er ikkje første gangen vi ser folk som er så plaga som det ho er. Det er ein ganske vanleg reaksjon på dette stoffet, seier Gunvaldsen.

Lene Gunvaldsen

Kommunikasjonsrådgjevar Lene Gunvaldsen i Astma- og allergiforbundet.

Foto: Astma- og allergiforbundet

Birgitte Viksund oppmoda produsentane til å fjerna stoffet, og det er Astma- og allergiforbundet heilt einige i.

– Det er ikkje nødvendig å ha dette stoffet, det finst andre stoff ein kan velja som er mindre helseskadelege. Me ønsker at ein bruker stoff som er miljøvenlege, og ikkje minst helsevenlege, seier Gunvaldsen.

– Inga alternativ

Informasjonssjef i Lilleborg Anne Gjemdal seier det er vanskeleg å erstatta MI med produkt som har tilsvarande funksjon.

Anne Gjemdal i Lilleborg

Informasjonssjef Anne Gjemdal i Lilleborg.

Foto: Pressebilde

– MI er eit preserveringmiddel, og vert nytta for at produkta skal vera trygge i bruk og for å halda oppe kvaliteten gjennom heile levetida til produktet. Preserveringsmidla si oppgåve er å hindra bakterie- og soppvekst og spelar dirfor ei viktig rolle i produktet.

Kva tenkjer dykk om at folk blir sjuke av produkta dykkar?

– Per i dag er det ingen openberre alternativ til MI i dei produkta der me nyttar det som preserveringsmiddel. Når me no høyrer historia til Birgitte Viksund, er det klart at det uroar oss, og me tar det svært alvorleg. Me er difor i dialog med råvareleverandørane, gjer testar og søker etter betre alternativ. seier Gjemdal.