NRK Meny
Normal

Familien: – Positivt at det er er livsteikn

Kjartan Sekkingstad frå Sotra er eit av gisla islamistgruppa Abu Sayyaf har lagt ut bilete av. – Positivt at det er livsteikn, seier familien til NRK.

Kjartan Sekkingstad

GISSEL: Kjartan Sekkingstad blei kidnappa på Filippinene 22. september. Familien håpar på ei rask løysing i saka.

Foto: Privat

Islamistgruppa Abu Sayyaf har lagt ut bilete av dei fire gisla dei tok førre månad. Blant dei er Kjartan Sekkingstad frå Sotra.

– Det er godt å sjå at det kjem eit livsteikn i det minste, seier bror Odd Kåre Sekkingstad til NRK etter bileta blei publiserte.

Håpar på rask løysing

Broren fortel at familien har blitt godt informert om situasjonen, og at bileta ikkje endrar deira situasjon i stor grad.

– Ja, det er vi. No håpar vi det ikkje tar lang tid før det kjem ei positiv utvikling i saka, seier Sekkingstad.

Han har vore familien sin talsperson i tida etter broren blei kidnappa på Filippinene.

Islamistgruppa Abu Sayyaf har sverga truskap til IS, og har sagt dei også vil legge ut ein video av gisla. Ei filippinsk etteretningskjelde opplyste måndag at gisseltakarane hadde tatt kontakt med ein utanlandsk ambassade, noko UD i Oslo ikkje ønska å kommentere.

Gisler

Dette bilete blei publisert på på ein islamistisk Twitter-konto tysdag. Kjartan Sekkingstad sit til høgre i bilete.

Foto: Skjermdump fra Twitter

Kidnappa 22. september

56 år gamle Kjartan Sekkingstad blei kidnappa frå Oceanview Resort på Filippinene den 22. september. Filipinsk politi har søkt etter gisla sidan då, utan hell.

– Vi er innstilt på at det kan ta tid. Og det trur eg kan vere med å gjere situasjonen litt lettare for oss, sa broren veka etter kidnappinga blei kjent.

Familien har hatt sporadisk kontakt med Kjartan Sekkingstad sidan han flytta Filippinene, der han har vore dei siste 15 åra.

Utanriksdepartement og den norske ambassaden i hovudstaden Manila samarbeider for å løyse saka. I tillegg til Sekkingstad er ti kanadiske menn og ei filippinsk kvinne tatt som gissel.