Hopp til innhold

– Politifolk blir rått og kynisk utnytta

Politiets Fellesforbund kallar POD kyniske når dei beordrar politifolk til sykkel-VM utan at partane er einige om kompensasjon. No fryktar dei for dugnadsånda i Politi-Noreg.

Frode Stenersen

MISNØYE: Frode Stenersen er hovudtillitsvald for alle innbeordra mannskapar i UP. Mange medlemer han representerer reiser ufrivillig til sykkel-VM i Bergen. Mange som har søkt om fritak, har fått avslag.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad

I september er det venta 500.000 besøkande til Bergen i samband med sykkel-VM. Tryggleiken og beredskapen i vertsbyen må aukast, og difor har Politidirektoratet (POD) tatt grep.

Frå før er totalt 384 politifolk beordra til verdsmeisterskapen. I tillegg kjem politistyrkane som jobbar i Vest politidistrikt.

Beordrar politifolk til Bergen

Nyleg vedtok POD å senda ein større politistyrke for å sikra tryggleiken.

Direktoratet har rett til å beordra polititilsette til større arrangement.

I juni braut forhandlingane mellom politifolka sine fagforeiningar og arbeidsgjevar saman (ekstern lenkje). Politiets Fellesforbund kravde å få dekt utgifter og ei ulempegodtgjersle for å vera stasjonert i Bergen over lengre tid, men POD nekta å fira på krava.

– Tidlegare har ein motivert folk til å søka ved hjelp av ei slags «bidrag og påskjøning»-ordning, men no er tonen ein heilt annan, seier forbundsleiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund.

Sigve Bolstad i Politiets fellesforbund

POLITIETS FELLESFORBUND: Misnøya blant medlemmene i PF er stor, ifølgje Sigve Bolstad, leiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

– Tilliten blir svekt

POD tvinga gjennom ein maksimal kompensasjon på 2000 kroner for tapt turnustillegg.

Bolstad meiner dette markerer eit skifte i forholdet mellom Politidirektoratet og politifolk.

– Det er ein ny trend at ein kynisk og rått nærast utnyttar styringsretten. Det er etter vår vurdering uklokt. Motivasjonen daler når ein beordrar folk mot sin vilje.

Frode Stenersen, hovudtillitsvald for innbeordra mannskapar i UP, er ein av mange som reiser ufrivillig til sykkel-VM.

Stenersen understrekar at politifolk er lojale og gjer jobben dei blir sett til, men meiner POD dikterer framfor å tilby sine tilsette akseptable vilkår.

– Det er ikkje snakk om store summar før medlemene hadde vore nøgde. Belastninga på den som blir heime med omsorgskrevjande barn, blir stor. Kronebeløpet blir berre eit lite plaster på såret, seier Stenersen.

POD: – Har strekt oss langt

Færre har meldt seg frivillig til teneste denne gongen, ifølgje Bolstad. Han meiner POD ikkje anerkjenner belastninga for tenestefolka som må jobba langt heimanfrå.

Det avviser avdelingsdirektør for politiberedskap og krisehandtering i POD, Knut Smedsrud.

Grensekontroll pressekonferanse

POLITIDIREKTØR: Knut Smedsrud er avdelingsdirektør for politiberedskap og krisehandtering i Politidirektoratet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Politidirektoratet har sjølvsagt forståing for at det kan vera ei belastning å bli beordra til ein annan tenestestad. Men å bli beordra til eit anna distrikt i ein periode, er ein del av belastninga i yrket.

POD viser til at dei har retta seg etter sentralt forhandla fram avtalar.

– Me meiner å ha strekt oss lenger enn me er forplikta til. Dei aller fleste vil ikkje lida noko økonomisk tap i samband med beordringa, men 2000 kroner sikrar at ingen av våre tilsette tapar pengar på å vera i teneste i Bergen, seier Smedsrud, som legg til at ein god del overtid truleg vil føra til ein økonomisk vinst for dei som deltar.