Hopp til innhold

– Politiet har gjort ein elendig jobb

Rapporten som avdekka dårleg politiarbeid i Monika-saka må få konsekvensar, meiner stortingsrepresentant.

Gjermund Hagesæter

FOR DÅRLEG: Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (Frp) meiner politiet har gjort ein elendig jobb.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Riksadvokaten sin rapporten som viste at det var feil å legge vekk etterforskinga etter at Monika (8) vart funnen død i Sund i november i 2011, var knusande.

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (Frp) er no klar på at noko må skje.

– Det er openbart at det må få konsekvensar. Her er det openbart at politiet har gjort ein elendig jobb og det er sterkt kritikkverdig det dei har avdekka her, seier Hagesæter.

Eit av dei største ankepunkta frå arbeidsgruppa er at Hordaland politidistrikt gjekk seg fast i hovudteorien om at åtteåringen hadde tatt sitt eige liv, i staden for å vere opne for teoriar som kunne peike mot andre årsaker til dødsfallet.

– Ein har overkøyrd varslingar, ein har latt vere å følgje opp spor og ein kjem fram til ein heilt feil konklusjon med dei konsekvensane det medførte, seier Hagesæter.

– Politiarbeidet må bli betre

Også stortingsrepresentant for Senterpartiet, Kjersti Toppe, meiner at rapporten som avdekka feil og manglar i etterforskinga i Monika-saka må føre til endringar.

Kjersti Toppe

ALVORLEG: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Kjersti Toppe meiner at rapporten må føre til endringar.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Eg synest dette er ei veldig alvorleg sak, og rapporten frå statsadvokaten påviser jo alvorlege manglar, seier Toppe.

Toppe meiner det bør kome ei ekstern gransking så politiarbeidet blir betre.

– Det er mange konkrete ting som blir peika på som ikkje er gode nok, seier Toppe.

Må bli følgt opp

No stiller Toppe spørsmål til justisministeren om korleis rapporten vert følgt opp.

– For at dette ikkje skal gjenta seg og for at befolkninga skal ha tillit til politiet i sånne etterforskingssaker må den blir følgt opp. No må justisministeren informere Stortinget om korleis dette blir følgt opp, seier Toppe.

NRK har prøvd å få kontakt med justisminister Anders Anundsen, men han vil vente med å uttale seg i saka fordi den framleis er til behandling hos spesialeininga for politisaker.

ALT OM SAKA: Monika (8) funnen død