Hopp til innhold

– Pasientar må få grundigare utgreiing hos fastlegen

På eit år har ventelistene til ME-utgreiing ved fleire norske sjukehus auka kraftig. Nevrolog Ole-Bjørn Tysnes meiner betre utgreiing hos fastlegane kunne redusert ventetida.

Ole-Bjørn Tysnes

– FOR LANG VENTETID: Å vente opp mot eit år på ME-utgreiing er for lenge, seier sjef ved nevrologisk avdeling på Haukeland sjukehus, Ole-Bjørn Tysnes.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Mitt inntrykk er at pasientane ikkje er godt nok utgreia for andre tilstandar som kan gje kronisk trøttheit før dei blir sendt til oss, seier sjef ved nevrologisk avdeling på Haukeland, Ole Bjørn Tysnes.

På eit år har ventelistene til ME-utgreiing ved fleire av dei største norske sjukehusa auka kraftig. Mange pasientar må no vente opp mot eit år (sjå faktaboks).

– Lang ventetid forsinkar diagnosen

Ved Haukeland sjukehus får ca. 20 prosent av dei som kjem for utgreiing diagnosen ME. Ventetida på nesten eitt år er altfor lang, både for dei som får diagnosen og for dei som går gjennom utgreiing utan å få svar, meiner Tysnes.

– Eg trur det må gjerast ei meir effektiv utgreiing, i sjukehusa må me sjå på korleis me brukar ressursane våre. Det er ikkje er nødvendig at alle skal gå gjennom utgreiinga for å komme til denne konklusjonen. Dette forsinkar diagnosen, og det er ikkje bra for pasientar.

LES OGSÅ: Vil fjerne pasient-tak for å kutte ventelister

– Ei god utgreiing

Legeforeininga meiner fastlegane kan gjere ei god utgreiing av desse pasientane. Men då må retningslinjene for utgreiing og diagnose vere tilpassa allmennpraksis. Her finst det gode kriterium ein kan bruke, seier Marit Hermansen, leiar i norsk foreining for allmennmedisin.

Marit Hermansen

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marit Hermansen.

Foto: Legeforeningen

– Viss fastlegane følgjer desse kriteria for å utgreie for ME, er det ei god utgreiing, seier Hermansen.

Kvifor fastlegane sender fleire enn før til utgreiing, veit ein ikkje. Men den store merksemda sjukdomen har fått dei siste åra, kan ha bidratt, meiner ho.

– Både befolkninga og pressen har vorte meir opptatt av ME dei siste åra. Symptoma er veldig vanlege, og det kan vere både fastlege og pasient tenker på ME oftare og raskare enn tidlegare.

– Korleis kan ein få ned ventetida?

– Det er viktig med gode nasjonale kriterium for diagnose og retningslinjer. Men sjukhusa må også samarbeide med fastlegane for å finne ut kva som skal gjerast i allmennpraksis og kva som skal gjerast når ein sender pasientar til utgreiing.

LES OGSÅ: Vil gi ME nytt navn og endre sykdomskriteriene| Ber Helsedirektoratet fjerne omstridte ME-råd

– Fortvilande situasjon

Tysnes kan heller ikkje svare på kvifor talet på pasientar som blir sendt til ME-utgreiing ved sjukehusa har auka.

– Det veit me ikkje. Ein mogleg årsak er at me for tre år sidan etablerte eit nytt utgreiingstilbod som kan gjere at fastlegen sender fleire hit. Ein anna moglegheit er at det er fleire enn før som opplever kronisk trøttheit og difor ønskjer utgreiing for ME, seier Tysnes.

– Uansett må me som legar gjere det beste me kan for desse pasientane. Dei har ein forferdeleg fortvilande situasjon.

LES OGSÅ: Mysteriet ME