Forskar i biologi ved Universitetet i Bergen, Jérôme Ruzzin, har delteke på ein studie som viser at overvektige har mindre risiko for å få livsstilssjukdomar om dei unngår miljøgifter i maten.
- SJÅ OGSÅ:
– For fyrste gong har vi bevis på at pasientar med overvekt utan diabetes har lite miljøgifter i seg. Eg trur no at anbefalingane på kva vi bør eta, blir endra i framtida, seier Ruzzin.
Det skal vera giftstoffa i maten som er konklusjonen på kvifor nokon overvektige får livsstilsjukdommar, medan andre er friske. Resultatet fekk dei frå eit forskingssamarbeid mellom universiteta i Noreg, Sverige og Canada.
Oppdrettslaks verstingen
Forskaren meiner at det er oppdrettslaksen som er verstingen. Miljøgiftene som forskarane meiner fører til diabetes og hjarte- og karsjukdommar, finst i all mat med feitt. Men Ruzzin peikar på den feite fisken som den største risikomaten for overvektige.
– Dei tar ein stor sjanse om dei et den, for dei vil få mange forskjellige miljøgifter i seg, seier forskaren.
Avviser åtvaringane
Forskingsdirektør i Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES), Ingvild Eide Graff, avviser åtvaringane frå universitetsforskaren.
– Her på NIFES analyserer vi ca. 12000 oppdrettsfisk kvart år. Nivåa av desse miljøgiftene har gått ned dei siste ti åra og er no veldig låge. Dei er faktisk lågare enn nivået i villaks, forklarer forskingsdirektøren.
NIFES har ansvar for å overvaka om sjømaten som vi et er trygg og Graff meiner å kunna bevisa at oppdrettslaksen er ufarleg. Ho oppmodar heller folk til å eta sjømat.
– Det er mykje farlegare å la vera å eta oppdrettslaks eller sjømat i det heile tatt, forklarer Graff.