Hopp til innhold

– Oppskrifta på å sprenge Mongstad

Bok med detaljerte opplysingar om Noregs største oljeraffineri låg henslengt på kommunal hytte. – Dette er ingen bagatell, seier Statoil.

Systemhandbok OS for Statoil Mongstad

DETALJERTE SKILDRINGAR: Systemhandbok frå Mongstad vart funnen på ei hytte på Haugastøl.

Foto: Yngve Garen Svardal / Avisa Nordhordland

Statoil får no kritikk, grunna funn av interne dokument på ei kommunal hytte på Haugastøl.

– Om ein ønskjer å setje ei sprenglading, har ein oppskrifta her. Vi har erfart at verda er blitt så mykje mindre og Noreg så mykje meir involvert. Mongstad kan absolutt vera eit mål.

Det seier finnaren av boka Systemhandbok OS Mongstad til Nordhordland.no. Boka fann han på Lindås kommune si feriehytte på Haugastøl.

Detaljerte skildringar

Systemhandbok OS for Statoil Mongstad

BLÅ BOK: Systemhandbok OS Mongstad.

Foto: Yngve Garen Svardal / Avisa Nordhordland

Nordhordland.no skriv at den vesle, blå boka inneheld detaljerte skildringar av anlegget på Mongstad. Den beskriv mellom anna kva som blir produsert på dei ulike delane av anlegget, kvar dette vert ført og kapasitetane på tankar.

– Her er det tydeleg nokon som har vore litt slepphende, seier finnaren, som er kommunalt tilsett.

Informasjonssjef ved Statoil Mongstad, Jon Halstein Tjore, vil ikkje kommentere utsegna om at dette kan vere ein tryggleiksrisiko for anlegget.

– Ingen bagatell

Over ein tredel av all olja Statoil produserer går gjennom anlegget før det blir skipa ut i verda.

Tjore fortel at systemhandboka viser oversikt over ytre anlegg. Den skal styrke kvaliteten og tryggleiken i arbeidet. Den blir også brukt i samband med opplæring i kompetansebygging.

Boka blir delt ut til lærlingar og operatørar, og inneheld ikkje strengt fortruleg informasjon. Likevel vil ikkje Tjore seie at det er ein bagatell.

– Det er aldri ein bagatell når interne dokument blir lagt igjen slik, men det er heller ikkje kritisk. Reint prinsipielt skal ikkje interne dokument liggje igjen på hytter, seier han til NRK.

– Må bli meir observante

Ein må ikkje skrive under på ei tausheitserklæring for å få denne informasjonen, men informasjonssjefen understrekar at boka ikkje har noko på ei hytte å gjere.

– Det er ikkje noko vi ønskjer at ligg rundt om kring. Vi må ta dette opp, slik at ein blir meir observante på kva ein gjer.

Produksjonsanlegget på Mongstad består av mellom anna eit oljeraffineri, ein råoljeterminal og verdas største teknologisenter for CO2-handsaming. Raffineriet er det største i Noreg og har ein kapasitet på nærare tolv millionar tonn råolje kvart år.

Arkivfoto frå Mongstad

STATOIL MONGSTAD: Systemhandboka viser detaljert informasjon om Statoil sitt anlegg på Mongstad. (Arkivbilete)

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix