NRK Meny
Normal

– Olje- og gassnæringa må legge om kursen

Næringslivet på Vestlandet må starte omstillinga bort frå fossil energi no, meiner leiar for FNs klimapanel Rajendra Pachauri. – Me er nøydde til å ha fleire bein å stå på, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Olje- og gassnæringen på Vestlandet må gripe sjansen og starte omstilling til fornybar energi nå. Det sa lederen for FNs klimapanel på Bergen Næringsråd sin årskonferanse i dag. Rajendra Pachauri, lederen av FNs klimapanel.

PACHAURI: – Overgangen til reine energiformer er ein enorm sjanse for bedriftene. Dei må byrje å involvere seg og utvikle løysingar, seier leiar for FNs klimapanel Rajendra Pachauri.

Rajendra Pachauri kom til Bergen i dag for å besøke kanskje eit av dei mest oljesmurte næringsliva i verda. Då han på årskonferansen til Bergen næringsråd møtte nokre av dei som styrer skuta i næringslivet på Vestlandet var målet klart:

Olje- og gassnæringa må legge om til fornybar energi no.

Rajendra Pachaur, leiar for FNs klimapanel

– Eg vil appellere til alle desse bedriftsleiarane og håpar dei vil lytte, sa Pachauri like før han gjekk på talarstolen.

Her kom den tidlegare nobelprisvinnaren og leiaren for FNs klimapanel med ei klar oppmoding til dei samla næringslivsaktørane: Olje- og gassnæringa må legge om til fornybar energi.

LES OGSÅ: – Vi må stanse utviklingen – dere må selv ta avgjørelsen

– Næringslivet må starte omstillinga no

Rajendra Pachauri

PACHAURI: – Overgangen til reine energiformer er ein enorm sjanse for bedriftene. Dei må byrje å involvere seg og utvikle løysingar, seier leiar for FNs klimapanel Rajendra Pachauri.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Både oljeselskap og leverandørindustrien har i år merka ei redusering i olje- og gassnæringa. Fall i oljeprisen, halverte ordrebøker, store nedskjeringar og permitteringar har råka offshorenæringa.

LES OGSÅ: – Toppen er nådd på norsk sokkel

Pachauri meiner dette understrekar at næringslivet på Vestlandet må starte omstillinga bort frå fossil energi.

– Overgangen til reine energiformer er ein enorm sjanse for bedriftene. Dei må byrje å involvere seg og utvikle løysingar. Det er det moglegheitene i framtida ligg.

– Me må handle raskt og riktig.

– Me må ha fleire bein å stå på

Det kan vere vanskeleg for mange å innsjå at me er nøydde til å ha fleire bein å stå på.

Monica Mæland (H)
Næringsminister Monica Mæland (H)

– Me har blitt varsla om at veksten i oljenæringa minkar og at investeringane fell, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Næringsminister Monica Mæland (H) deltok også på konferansen i dag.

– Me har blitt varsla om at veksten i oljenæringa minkar og at investeringane fell. Me kan kalle dette ein tidleg vekkar, sa næringsminister Monica Mæland (H) til næringslivstoppane i dag.

Eksporten av olje og gass har vore vaksinen til Noreg under dei dårlege tidene i Europa, vedgjekk næringsministeren.

– Me har lenge visst at me ikkje kjem til å leve på olje og gass i all framtid. Det har gått godt i Noreg, medan resten av verda har hatt krise. Då kan det vere vanskeleg for mange å innsjå at me er nøydde til å ha fleire bein å stå på, og at me er nøydde til å omstille oss.

– Sjølv om me ønskjer at verda skal verda skal gå over på fornybar energi, så er det eit stykke igjen. Behovet for olje og gass kjem framleis til å vere der, seier ho.

LES OGSÅ: – Om 85 år vil det være umulig med aktiviteter utendørs i deler av verden

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås