NRK Meny
Normal

– Offera har ikkje noko å frykte frå han

Talsperson for bistandsadvokatane i «Lommemann»-saka har førebels ikkje fått reaksjonar på at overgrepsmannen kan bli sleppt fri. – Eg trur dei fleste vil forbigå dette i det stille.

HAR IKKJE FÅTT REAKSJONAR: Koordinerande bistandsadvokatar Siv Hallgren og Håkon Brækhus.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Så langt har eg ikkje fått nokre reaksjonar, men det har nettopp blitt kjent, seier Siv Hallgren til NRK.

Ho var koordinerande bistandsadvokat og talsperson under rettssaka mot den såkalla «Lommemannen».

Ein psykiatrisk rapport konkluderer med at overgrepsdømte Erik Andersen (62) kan bli sleppt fri på prøve. VG skriv i dag at han no har bedt om nettopp det.

– Det er naturleg at han gjer det. Det er ein godt vaksen mann som ønskjer resten av sitt liv utanfor murane, seier Hallgren.

Trur ikkje på reaksjonar

Andersen vart i 2010 dømt for seksuelle overgrep mot 66 unge gutar. Han fekk 10 års forvaring med ei minstetid på sju år.

Bistandsadvokaten ventar ikkje at offera reagerer på at han no kan bli sleppt fri.

– Det byrjar å bli nokre år sidan dette skjedde, og eg trur dei fleste vil forbigå dette i stille. Eg trur ikkje eg får nokre telefonar i dag, med mindre nokon reagerer veldig sterkt naturlegvis.

Ho forklarar at saka framlengs er avslutta for hennar del og dei fornærma sin del.

– Men eg vil naturlegvis følgje med på dette framover, for dette var ei sak eg hadde mykje med å gjera.

– Kjem ikkje til å oppsøke dei igjen

Den psykiatriske rapporten konkluderer med at risikoen for at 62-åringen gjer nye overgrep er så låg at han kan bli sleppt fri på prøve, på visse vilkår.

Hallgren er trygg på at offera i saka ikkje har noko å frykte.

– Han kjem aldri til å oppsøke nokre av desse igjen. Moduset hans var unge gutar som han ikkje kjente frå før av. Dei som var involvert i denne saka har ikkje noko å frykte frå han, seier Hallgren.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.