Hopp til innhold

– Nordmenn er naive og rike

Det er politileiinga i Hordaland si forklaring på kvifor kriminelle frå utlandet kjem til Noreg, og dei fryktar at mange fleire vil komma.

Video Norge er trekkplaster for kriminelle utlendinger

Fleire tusen kriminelle kjem til Noreg utan å ha lovleg opphaldsløyve. Noreg verkar som eit trekkplaster på kriminelle utlendingar.

Gunnar Fløystad

Gunnar Fløystad er påtaleansvarleg i Hordaland politidistrikt.

Foto: NRK

– Me er naive og rike. Det er synleg og det veit dei, og då er det ganske naturleg at me blir eit offer i den samanheng, seier påtaleansvarleg Gunnar Fløystad i Hordaland politidistrikt.

Dobbelt så mange tvangsutsendingar

Denne veka gjennomførte politiet i Bergen ein razzia mot ulovlege innvandrarar . 15 personar blei pågripne, og fleire av dei må rekna med å bli sendte ut av Noreg.

Krimnalstatistikken til Hordaland politidistriktfor 2011 viser at det har vore ein betydeleg auke i talet på tvangsutsendingar av ulovlege innvandrarar.

174 personar blei i 2011 tvangsutsendte frå Noreg av Hordaland politidistrikt sin utlendingsseksjon. Det er meir enn dobbelt så mange som i 2010, då 80 personar blei uttransporterte.

1472 straffesaksoppføringar på 174 personar

61 prosent av dei som blei uttransporterte frå Hordaland i 2011 var straffedømde, og det er ein betydeleg høgare prosentsats enn det som gjeld på landsbasis.

– Dei 174 personane som blei uttransporterte i 2011 er registrert i vårt straffesakssystem med 1472 oppføringar, seier Geir Gudmundsen, politimeister i Hordaland.

– Sjå på kor velstanden er

Politiet fryktar økonomisk uro i Sør-Europa vil føra fleire med kriminelle hensikter til Noreg og Hordaland.

– Fleire i dei landa vil kanskje byrja å utøva kriminalitet, og då også sjå på kor velstanden er, og kor det er lettast å skaffa seg verdiar, seier Gunnar Fløystad.