Hopp til innhold

– No håpar eg på eit mirakel

Verken kommunen eller staten vil ta rekninga for funksjonshemma Karinas assistent. Dermed spøker det for studentens utvekslingstur til USA.

Får ikkje reise til USA

STUDENT: Karina Harkestad får truleg ikkje reise til prestisjetunge Berkley i USA. Men ho håpar enno.

Foto: privat

– Det verkar ikkje som staten eller kommunane veit kven som skal ta avgjerda, seier psykologistudent Karina Harkestad (23).

Ho har kjempa ein lang kamp for å kunne reisa på utveksling. Ein medfødd muskelsjukdom gjer at ho er avhengig av assistanse.

Verken Bergen kommune eller staten vil la studenten ta med seg den personlege assistenten til USA. Dermed kan ho ikkje dra utenlands.

Helsebyråd Hilde Onarheim grunna det med ei tredobling i kostnadar og vanskar med å følgje opp ordninga frå utlandet.

Byråden kasta ballen vidare til staten.

Arne Lein

IKKJE NØGD: Leiar Arne Lein håpar Noregs Handikapforbund tar tak.

Foto: Norges Handikapforbund

Karina sine støttespelarar meiner det er feil at utanlandsopphaldet vil føra til ekstrakostnadar for kommunen.

– Veldig svakt

No peikar staten tilbake på kommunen. Helseministeren er tydeleg på at kommunen har eit ansvar.

I eit svar til stortingsrepresentant Audun Lysbakken i SV, seier helseminister Bent Høie at han ikkje kan gripe inn ovanfor kommunane i denne saka.

Det synest Arne Lein i Noregs Handikapforbund er dårleg. Då landmøtet til handikapfurbundet opna fredag, tok han til orde for at regjeringa måtte gripa inn.

Statsminister Erna Solberg var gjest under opningstalen.

– Det er veldig svakt, for regjeringa har tidlegare gitt andre signal. Det er forunderleg at han i denne situasjonen ikkje kan fortelja kommunen kva rammer som gjeld, seier Lein.

Han seier ordninga vert praktisert ulikt frå stad til stad. Og håpar dette er noko regjeringa vil ta tak i.

Landsmøte med Solberg

LANDSMØTE I NH: På fredag hadde Handikapforbundet landsmøte.

Foto: Ivar Kvistum / Handikapnytt.

– Urimeleg tolking

Lein peikar på at det er kommunane som forvaltar reglane, men i fleire kommunar ser ein at reglane vert motarbeida

– Dette vil skape utfordringar fordi kommunane i framtida vil få større ansvar for ein del av velferdsteneste i framtida, trur Lein.

Bergen kommune har, som einaste kommune i landet, bestemt at folk som får BPA berre kan opphalda seg opp til fem veker utanfor kommunen.

– Vi synest det er ei veldig urimeleg tolking av Bergen kommune. Vi håper regjeringa klarar å fortelja politikarane rundt i landet at dette er feil praktisering. Retten blir undergravd av kommunane, og det kan vi ikkje akseptere, meiner Lein.

Håpet svinn

Gode karakterar resulterte i opptak som utvekslingsstudent i seks månadar til Universitetet Berkeley i USA frå hausten.

Studenten seier ho reagerer mest på at politikarane ikkje ser individet i saka.

– Eg søkte om dette i desember i fjor, så det har vore ein lang kamp.

– Har du framleis håp om å få til utvekslingsopphaldet ved Berkeley?

– Håpet blir mindre dag for dag, no håpar eg på eit mirakel. Men det er lite realistisk, trur Harkestad.