NRK Meny
Normal

– No dummar regjeringa seg skikkeleg ut

Kommune etter kommune gjer no opprør mot regjeringa sitt forslag til endringar i eigedomskatten. Går forslaget gjennom vil kommunane sin økonomi bli endevendt.

Per Lerøy

REAGERER: Ordførar Per Lerøy (Ap) i Austrheim kommune i Hordaland er ein av dei som risikerer å mista store inntekter

Foto: Roy Hilmar Svendsen

– Eg trur dei dummar seg skikkeleg ut no. For det dei gjer no er å erta på seg 300 av landets kommunar, seier ordførar i Austrheim, Per Lerøy frå Arbeidarpartiet.

Han og fleire ordførarar i andre kommunar er nærast i harnisk over eit forslag om endringar i eigedomsskatten som no er ute på høyring. Går regjeringa sitt forslag gjennom, vil 300 kommunar i landet ikkje lenger krevja skatt frå produksjonsanlegg, kraftlinjer og vindmølleparkar.

Tapar 1,2 milliardar kroner

I kommunane reagerer politikarar frå alle parti over det kontroversielle forslaget.

Ifølgje departementet sine grove anslag er det snakk om at 300 kommunar totalt vil tapa 1,2 milliardar kroner. I Austrheim hadde dei sett føre seg at den planlagde oljerøyrleidninga frå Johan Sverdrup-feltet skulle gje kommunen opp mot ei dobling i inntekter frå eigedomsskatt.

No risikerer dei i staden å tapa store delar av inntekta dei har i dag.

– For vårt vedkommande er det snakk om eit tap 8–9 millionar kroner frå ein totalsum som per i dag ligg på 14 millionar kroner.

Vel 300 kommuner over hele landet kan tape mer enn 1,3 milliarder kroner dersom regjeringens forslag om fritak for eiendomsskatt for produksjonsanlegg blir vedtatt.

SJÅ VIDEO: Mongstad opptar store areal i Lindås kommune. Men dersom regjeringa sitt forslag går igjennom vil dei sleppe å betale eigedomsskatt.

– Kan ikkje forstå det

I Masfjorden skal det byggast ei ny kraftline gjennom kommunen. Høgre-ordførar Karstein Totland reagerer på at kommunen kan bli sittande igjen utan noko.

– Det er rimeleg store område som staten med lova i hand har gått inn å tatt. Eg ser også at vindkraft kan bli ramma på same måten. Viss ikkje det skal kompenserast, så kan ikkje eg forstå kven som er interessert i få desse vindmøllene heller, seier Totland.

Statssekretær Jørgen Næsje i finansdepartementet skriv i ein e-post til NRK at endringa lenge har vore etterspurd av næringslivet.

– Regelen har skapt vanskelege avgrensingar og uforutsigbarheit og dette er eitt forslag til løysing. Regjeringa ønskjer at meir av verdiskapinga i bedriftene skal gjenspeilast i kommunens inntekter, seier Næsje.

Vindmølle på Bessakerfjellet i Roan

Også vindkraft kan bli råka av dei nye reglane for eigedomsskatt. Her frå Besskaerfjellet i Roan i Sør-Trøndelag.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Dramatisk

Astrid Aarhus Byrknes

- Eg kjenner dette ligg tungt på skuldrane mine, seier ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Foto: Ingvild Nave / NRK

Som NRK skreiv i går, er Lindås kommune i Nordhordland ein av kommunane som blir råka aller verst. Endringa vil gjera at dei tapar langt over 100 millionar kroner årleg.

– Dette er dramatisk. Innbyggjarane vil merka dette og eg kjenner at dette ligg tungt på mine skuldrer, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Tilbake i Austrheim reagerer også representerer frå regjeringspartia. Høgre sin ordførarkandidat Jorund Stellberg forstår at eigedomskatten plagar næringslivet, men vil likevel kjempa imot.

– Vi vil nok måtte stå hardt på for at ikkje dette forslaget skal gå gjennom. Samstundes ser eg at dette har eit anna bilete også, men som lokalpolitikar for Austrheim vil eg sjølvsagt jobbe for å sikre oss dei beste inntekter framover.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen