NRK Meny
Normal

– Nifst å bli regissert av Dagfinn

Marit Voldsæter har fått Noregs mestseljande standupkomikar, Dagfinn Lyngbø, som mentor og regissør på sitt nye soloshow «Rett fra skrumpleveren».

To av Norges - og Bergens - mest populære komikarar samarbeider for første gong. Resultatet har premiere i kveld - og har fått navnet "Rett fra skrumpleveren"

VIDEO: Torsdag hadde Marit Voldsæter premiere på sitt nye soloshow, der Dagfinn Lyngbø er regissør. Foto/redigering: Jørgen Eide

Marit Voldsæter er ei godt etablert stjerne på den norske humorscena, men i sitt tredje soloshow kastar ho seg ut i standupsjangeren for fyrste gong. Då er det både trygt og nifst å ha Noreg sin mestseljande standupkomikar som mentor og regissør, nemleg Dagfinn Lyngbø.

– Lyngbø er jo «ringreven» på standup, så eg har lært mykje og det har vore veldig kjekt. Men det er litt nifst når Dagfinn skal vise, for han er så morosam, fniser Voldsæter.

Eigne opplevingar

Marit Voldsæter og Dagfinn Lyngbø

SAMARBEIDER: Dagfinn Lyngbø er mentor og regissør i Marit Voldsæter sitt nye show.

Foto: Turid Rogne / NRK

Nytt for humordronninga er at ho bruker sine eigne personlege opplevingar. Til dømes nyttar ho seg av hendingar som skjedde då alpinist Andrine Flemmen var hennar personlege trenar i framsyninga.

– «Kom igjen Marit, dette klarer du. Det er her det sit» medan ho etterliknar Flemmen og peiker på hovudet.

Koker over

Når dei to komikarane får spørsmål om kva som skjer når ein set saman to bergensarar på denne måten, svarar dei raskt.

– Då koker det over, ler Voldsæter og Lyngbø.

– Ho har ein typisk «retro» måte å snakke bergensk på som eg berre elskar, svarer Lyngbø.

Terningkast

Førestillinga hadde premiere i torsdag på Ole Bull Scene, og det har vore varierte tilbakemeldingar på stykket.

Bergensavisen meiner at Marit Voldsæter er «Frekk som F».

«Frekk har hun alltid vært, men med alderen har hun også fått noe uvørent, fandenivoldsk og anti-glamoursk over humoren sin. Noe som gjør at, vel, om hun ikke skal sammenlignes med lagringsvin så kanskje med et godt, lokalbrygget øl» skriv Nils Olav Sæverås i BA. Han gav førestillinga terningkast 5.

Hva? Tuller du? Ler dere av dette i Bergen?

Mala Wang-Naveen, Aftenposten

Bergens Tidende meiner at førestillinga er ein publikumsvinnar, og gjev førestillinga terningkast 4.

– «Underholdning på godt nivå» meiner Jan H. Landro i BT.

– Ler dykk av dette i Bergen?

Aftenposten slaktar derimot showet. Dei meiner at det er ei forvirrande framsyning som ikkje gjev ei god magekjensle.

– «Problemet oppstår i det hun beveger seg i terrenget «etnovitsing». For har hun kreden til å gjøre det?» skriv Mala Wang-Naveen, journalist i Aftenposten.

Ho spør: «Hva? Tuller du? Ler dere av dette i Bergen?».

Wang-Naveen er skuffa over showet til humordronninga i Bergen.

– «Bergen har de siste årene vært storleverandør av kvalitet på kulturfeltet. Hva som skjedde her er ikke godt å si. Håpet er at Voldsæter heller får roller i komedier og film, enn at hun fortsettter sitt liv på scenen» skriv ho.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Lervik
Forsvaret detonerte håndgranaten som onsdag ble funnet på parkeringsplassen ved legevakten.