Hopp til innhold

Sponheim: – Det vert neppe fleire byfylke i Noreg

Fylkesmann Lars Sponheim har ingen tru på at det vert fleire byfylke etter modell frå Oslo. – Denne ideen parkerte statsråden denne veka.

Lars Sponheim

SIKKER: Fylkesmann Lars Sponheim meiner kommunalminister Jan Tore Sanner har parkert ideen om fleire storbyfylke.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Det var under Arendalsuka i fjor sommar at Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner lufta ideen om fleire storbyfylke, eller «fleire Oslo-ar».

Denne veka besøkte den same statsråden Stord, med ein annan bodskap i baggasjen.

Ifølgje fylkesmann Lars Sponheim gjekk Sanner svært langt i å utelukka at det er aktuelt at Bergen og andre storbyar kan få status som eigne fylke.

– Han sa veldig klart at han meinte det var nok fylke i Noreg. I realiteten parkerte han diskusjonen om at Bergen og andre storbyar kan verta eigne fylke, seier fylkesmannen.

Også i Trondheim har ein diskutert om storbyen bør skiljast ut som eit eige fylke.

Fleirtal mot byfylke

Fredag fortalde NRK.no at opposisjonen i Bergen bystyre har sikra fleirtal for å hindra at Bergen vert eit byfylke, og heller går inn for at det vert jobba for ein større vestlandsregion.

Harald Schjelderup (Ap) og Erlend Horn (V)

NEI TIL BYFYLKE: Harald Schjelderup (Ap), Erlend Horn (V) og eit fleirtal i Bergen bystyre går inn for å hindra at Bergen vert eit eige fylke.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Etter vårt syn ville eit byfylke ikkje ha styrka Bergen sin posisjon. Me håpar at ein staden kan få til ein sterk region med både Bergen og Stavanger, seier Erlend Horn som er Venstre sin listetopp ved kommunevalet i Bergen.

Kan likevel overta oppgåver

Sjølv om ideen om byfylke har fått fleire skot for baugen, meiner Sponheim at det er høgst aktuelt at storbyane kan overta oppgåver som i dag sorterer under fylkeskommunen.

– Vidaregåande skular og kollektivtrafikk kan det verta aktuelt å la dei største byane ta seg av på eiga hand, særleg om kommunane slår seg saman med nabokommunar, meiner Sponheim.

Stalltipset til statens mann i Hordaland er likevel at den store debatten om det regionale nivået først vil komma kommunereforma.

– Mitt inntrykk er at regjeringa ønskjer å avklåra kommunestrukturen først. Jan Tore Sanner veit godt at han ikkje har fleirtal for å fjerna fylkeskommunen.

– Oppgåvene er det viktigaste

Byrådsleiaren i Bergen, Martin Smith-Sivertsen frå Høgre, har tidlegare sagt at han er begeistra for ideen om Bergen som eige fylke. Han hevdar likevel at han ikkje er skuffa over signala som no kjem.

– For oss er det oppgåvene som er det viktige. At Bergen får styra meir sjølv, seier Smith-Sivertsen til NRK.no.