Hopp til innhold

– Nasjonaliteten til eigarane er mindre viktig

Tilsette i TV2 vil ha eigarar som fokuserer på kvalitet. Nasjonaliteten til eigarane betyr mindre.

Video TV2-eigarane sin nasjonalitet betyr lite for dei tilsette

A-pressen har kalla inn til eit styremøte kl. 20 søndag kveld. E24 skriv at sal av TV2 til danske Egmont står på dagsorden.

Tilsette i TV2 har i dag diskutert kva dei meiner om eit eventuelt sal.

– Me har levd med Egmont som eigar i TV2 i snart 20 år, og dei har alltid følgd ein publisistisk tradisjon. Dei har vist respekt for TV2 sin eigenart, og dei har vist engasjement ovanfor nyheiter, aktualitet og allmennkringkasting, seier Kjetil H. Dale, som representerer tilsette i TV2-styret.

Deler ikkje næringsministeren sitt syn

Næringsminister Trond Giske (Ap) har uttalt at TV2 bør ha norske eigarar, dette fordi TV2 er ei viktig mediebedrift. Dei tilsette i TV2 deler ikkje dette synet.

– Først og fremst så meiner me at eit godt medieeigarskap ikkje handlar om nasjonalitet, det handlar om publisistisk tradisjon, langsiktigheit og fokus på kvalitativt innhald, seier Dale.

– Støttar avtalen om etbalering i Bergen

Viss danske Egmont blir heileigar av TV2, så vil ikkje det vera negativt for TV2 si framtid i Bergen, meiner tilsette.

– Vår etablering i Bergen er ein del av avtalane me har hatt med staten i mange år, og Egmont har entusiastisk stilt seg bak alle dei avtalane me har gjort med staten. Det gjeld sjølvsagt også spørsmålet om Bergen, seier Kjetil H. Dale.

Spente på kva som skjer

TV2

Arbeidet gjekk som vanleg i nyheitsredaksjonen hos TV2 i Bergen søndag. Men dei tilsette er spente.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

På TV2 sitt hovudkontor i Bergen gjekk arbeidet som vanleg søndag ettermiddag, men det var ein litt spesiell dag.

– Me har jo fått med oss at det skjer ting i desse dagar, men me veit ikkje så veldig mykje, og me er veldig spente på kva som skal skje, seier Aslaug C. Henriksen, vaktsjef for TV2 Nyhetene.