Hopp til innhold

Vegvesenet: – Mindre snikkøyring gir betre flyt

Statens vegvesen er nøgd med første dag etter den massive omlegginga for pendlarar utanfor Bergen på riksveg 555.

Kø på riksveg 555 måndag morgon 16.april

KØ: På eit år er det kome 1000 fleire bilar i døgnet på riksveg 555 inn mot Bergen.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Det er ein smådesperat situasjon å kome seg frå Sotra og inn til Bergen om morgonane. På eit år er det kome 1000 fleire bilar i døgeret på strekninga, og ny Sotrabru er enno nokon år fram i tid.

Frå måndag vart det sett i gong fleire strakstiltak for å få bukt med den lange morgonkøen på riksveg 555. Blant anna er tre ulike omkøyringsvegar blitt stengde, som har vore nytta til å kome seg lengre fram i køen.

– Det gjekk mykje betre enn vi hadde trudd. Det var ei gledeleg overrasking, seier Bjørn Tvedt, senioringeniør i Statens vegvesen.

Trur tiltaka har hatt ein effekt

Tvedt er ein av dei tre observatørane frå Vegvesenet som stod ved riksvegen måndag morgon for å sjå korleis bilistane takla dei nye tiltaka.

– Bilistane får ikkje høve til å snike og då flyt trafikken betre. Det er ikkje så mykje snikkøyring no, seier Tvedt.

Ordføraren i Fjell, Marianne Bjorøy (Ap) opplevde sjølv at det var ganske mykje kø då ho starta arbeidsdagen måndag, men at det løyste seg fort opp.

– Trafikken flyt betre og eg trur tiltaka har hatt ein god effekt. Men det er noko tidleg å konkludere, seier ordføraren.

Men det kom og meldingar til både kommunen og vegvesenet frå trafikantar både nordfrå og sørfrå om at det var tregare trafikk lengre vest på riksvegen.

Kart med oversikt over tiltak

TILTAK: Fjell kommune har innført strakstiltak på riksveg 555.

Foto: www.fjell.kommune.no

Permanent løysing

Kommunen vil teste ordninga dei neste to vekene, og vil gjere ordninga permanent om det ikkje blir aktuelt med andre tiltak.

Kommunen skal ha eit møte med politiet for å få deira innspel, etter at dei har observert trafikken denne veka.

Ordføraren trur mange bilistar valde å køyre tidleg måndag morgon, då dei var usikre på korleis dei nye tiltaka ville slå ut.

– Det kan hende at trafikken på tysdag vil fordele seg på ein annan måte, så det blir spanande å sjå om det blir endringar då, seier Bjorøy.

Marianne Bjorøy

NØGD: Ordføraren i Fjell, Marianne Bjorøy (Ap) trur tiltaka på riksveg 555 har hatt ein effekt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Mange meiner det er blitt verre

Første dag med strakstiltak på riksveg 555 har gitt blanda mottaking blant NRK Hordaland sine lyttarar.

Gjennom ei meiningsmåling på NRK Hordaland si Facebook-side kunne bilistane sei si meining om trafikksituasjonen frå Sotra til Bergen var blitt betre eller dårlegare enn veka før.

Resultatet i denne uhøgtidlege meiningsmålinga var at to tredjedelar av lyttarane meinte situasjonen var blitt verre.

Kø på Sotra riksveg 555 16.april 2018

VERRE VS BETRE: Første dag med strakstiltak på riksveg 555 har gitt blanda mottaking.

Foto: Cato Kristensen / NRK