Hopp til innhold

– Mindre korrupsjon med kommunesamanslåing

Fire av ti kommuneleiarar har opplevd ulovleg påverking. Forskar trur det blir lettare å oppdage korrupsjon og stille kritiske spørsmål når kommunane blir større.

Birthe Taraldset Eriksen

MEIR GJENNOMSIKTIG: Med færre kommunar blir det mellom anna lettare å unngå dobbeltroller, trur korrupsjonsforskar Birthe Eriksen ved UiB.

Foto: BALAZS VARGA / Hordaland fylkeskommune

24 personar er dømde for kommunal korrupsjon her i landet dei siste ti åra. Store skandalar er kjent frå Oslo med underslaget frå undervisningsbygg, og i Bergen er ein politikar sikta for korrupsjon.

Forskingsstipendiat Birthe Eriksen har forska på korrupsjon ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Ho meiner korrupsjonsfaren er størst i små kommunar, og at samanslåing til større kommunar kan gi mindre korrupsjon.

– Det er ofte tette band og vanskelegare å skilje dette med dobbeltroller. Kanskje er det også ei større frykt for å stille kritiske spørsmål sidan alle kjenner alle, meiner Eriksen, som også har ei rekke verv i Høgre.

– Lettare å oppdage korrupsjon i små kommunar

Helge Eide

VERKEN ELLER: KS-direktør Helge Eide seier korrupsjon skjer i både store og små kommunar.

Foto: Johnny Syversen

Ifølgje KS har over 40 prosent av ordførarar og rådmenn opplevd at folk prøver å skaffe seg ulovlege fordeler.

– I alle fall fire av ti ordførarar eller rådmenn seier dei kjenner til forsøk på å påverke enkeltpersonar eller verksemder for å skaffe fordeler, i strid med regelverket i sin eigen kommune, seier KS-direktør Helge Eide.

LES OGSÅ: Ekspert: – Svakere korrupsjonskontroll nå enn før

LES OGSÅ: – Korrupsjonsfaren størst i små kommuner

Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) meiner små forhold heller kan vere til hinder for korrupsjon.

Kjersti Toppe

MEIR UROA FOR STORE KOMMUNAR: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) meiner det er lettare å førebyggje korrupsjon i små kommunar.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Det som er dei små kommunane si styrke er at det er full openheit, i alle fall større openheit enn i større kommunar. Eg er meir uroa for korrupsjon i større kommunar der folk ikkje er så opplyste om kva vedtak kommunestyret faktisk tek.

– Me skal ikkje vere naive overfor at korrupsjon kan skje både i store og små kommunar. Men openheita i små samfunn talar mot at store korrupsjonssaker kan utvikle seg, meiner Toppe.

KS: – Korrupsjon skjer i både store og små kommunar

Direktør i KS, Helge Eide, er klar på at dei ikkje har grunnlag for å seie at korrupsjon er vanlegare i små kommunar enn i større.

– Det er sikkert mange gode grunnar til å vurdere kommunesamanslåing, men ein skal vere litt forsiktig med å finne på alle moglege argument som det ikkje nødvendigvis er grunnlag for.

– Det viktigaste mot korrupsjon er kultur og haldningar. Der har både små og store kommunar det same grunnlaget for å vere på vakt, seier Eide.

LES OGSÅ: – Korrupsjon handler om én ting, og det er griskhet