NRK Meny

– Millionær på bladsal

Ein 23 år gamal rumenar som vart varetektsfengsla laurdag, sikta for hallikverksemd, hevdar han har tent ein million kroner på å selje bladet Megafon i Bergen. Det skriv BA. Politiet arresterte mannen på nytt, etter at han sat fengsla og vart lauslaten i april i fjor i same sak. Mannen erkjenner ingen skuld, og har i avhøyr forklart at han har tent pengane etter at han vart lauslaten. – Ingen av våre seljarar er i nærleiken av slike summar, seier Megafon-utgivar Thomas Anthun Nielsen til avisa.