NRK Meny
Normal

– Mette lagar dei beste svelene på fjorden

HATVIK-VENJANESET (NRK): Ryktene seier at Mette Jensen lager dei beste ferjesvelene. Ho sel enorme mengder av dei på overfarten mellom Os og Fusa.

Mette i kiosken på Hatvik-Venjaneset

RYKTET FORTEL: Svelene til Mette Jensen i kiosken på MF Fosen er svært populære.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket. I dag testar vi Hatvik-Venjaneset, der vi møter Mette Jensen i kiosken.

Rykta seier at ho lagar dei beste svelene som er å få på fjordane i Hordaland.

– Hemmeligheten er at alt må vere ferskt. Svelene må alltid vere nylaga

– Sel du mest med smørkrem eller brunost?

– Det går mykje av begge. Brunosten er det einaste vi ikkje lager sjølv. Smørkremen består av to typar smør, melis og sukker, forklarar Jensen.

MF Fosen til kai på Hatvik

MF Fosen til kai ved Hatvik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kom frå Romsdal

Sveler som ferjemat stammer eigentleg frå Nord-Vestlandet. Det skal ha vore Steinar Slettestøl om bord på MF Romsdal som byrja tradisjonen på slutten av 60-talet. Han tilsett kokk i Møre og Romsdal Fylkesbåtar.

– Det der veit eg ikkje noko om. No er svelene i alle fall populære i alle vestlandsfylka, seier Jensen.

Laster kart, vennligst vent...

Dette meiner NRK om Hatvik-Venjaneset

Overfart og kaiar: 4

Ikkje all verdas natur- eller ferjeoppleving på den korte overfarten. Men det er ikkje noko gale med utsikta. Hatvik har ingenting å by på. Venjaneset har Laila`s Kro.

Fartøy: 6

MF Fosen verkar å vere alt for stort for den smale fjorden. Ferja er litt slitne. Men det er faktisk ganske koseleg i salongen. Leikekrok med duploklossar trekk opp.

Service og fasilitetar: 6

Mette i kiosken er verdig triveleg. Godt utval. Litt triste sanitærfasilitetar, og mangel på venterom og toalett trekk ned.

Nostalgi og oppleving: 3

Nok ei trønderferge på ein vestlandsfjord. Det er langt frå Fosen til Venjaneset. Men vi gir plusspoeng for at det heng bilete av gamle ferjer på veggane.

Totalt: 19 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.