Hopp til innhold

– Menneskehandlarar går fri fordi offera ikkje vil snakka med politiet

BERGEN (NRK): Politiet vil sprenga menneskehandel-miljøet i Bergen, men slit med å få bakmennene dømde. – Me rører berre toppen av isfjellet, seier politiadvokat.

Selger sex på gata i Bergen

LYKKELANDET: Brennpunkt fylgde det kriminelle nettverket i Bergen over to år. Dei fann klare koplingar mellom tiggarar, prostituerte og bakmenn som styrte kvinnene.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Gjennom spaning, telefonavlytting og grundig etterforsking meiner Vest politidistrikt å ha funne klare samanhengar mellom tigging, tjuveri, sexsal og importering av unge jenter frå Aust-Europa.

Det er konklusjonen etter politiet si omfattande etterforsking av eit kriminelt rumensk familienettverk i Bergen.

Jakta på ein menneskehandlar

Politiadvokat Rudolf Christoffersen er den politijuristen i landet som har ført flest menneskehandelssaker for domstolen.

Førre veke blei ein 41-åring dømt til sju månader fengsel. No ber Christoffersen om at to menn og to kvinner blir tiltalte, alle for organisert hallikverksemd.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen

POLITIADVOKAT: Rudolf Christoffersen er den politijuristen som har ført flest saker om menneskehandel for ein norsk domstol.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Dei fire var først sikta for menneskehandel. Men på grunn av manglande bevis må politiet føra saka etter hallikparagrafen.

Politiet klarar rett og slett ikkje få bakmennene dømt for menneskehandel.

– Det er ingen tvil om at omfanget av menneskehandel er klart høgare enn det me klarar å ta. Me rører knapt ved toppen av isfjellet, seier Christoffersen.

Etter tre års etterforsking meiner politiet to rumenske familienettverk står bak grov kriminalitet i Bergen (sjå faktaboks under).

Fleire bakmenn er dømde og utviste. Men politiinspektør Sylvia Myklebust i Vest politidistrikt skulle gjerne ha sett fleire menneskehandelsdommar.

– Det er veldig vanskelege saker å få domfelling i. Miljøet er veldig lukka og ingen vil prata med politiet. I tillegg er sakene komplekse og krev ofte bistand frå utanlandsk politi.

Politiinspektør Sylvia Myklebust, Vest politidistrikt

INSPEKTØR: Politiinspektør Sylvia Myklebust har brei erfaring frå prostitusjonsmiljøet i Bergen etter å ha vore ansvarleg jurist for Exit-gruppa i Vest politidistrikt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Etterforska 15 saker – tre enda med dom

Ei oversikt Vest politidistrikt har presentert for NRK viser at politiet mellom 2015 og 2017 har etterforska 15 saker som omhandlar menneskehandel. Sakene omhandlar prostitusjon, seksuelle føremål og tvangsarbeid.

  • Totalt har politidistriktet etterforska 15 saker for menneskehandel. I åtte av sakene har politiet tatt ut sikting. Tre saker er framleis under etterforsking, medan fire saker er lagt bort.
  • Påtalemakta har tatt ut tiltale i fire av dei åtte sakene. Det er avsagt dom på menneskehandel i tre av sakene.
  • Politidistriktet har etterforska 10 halliksaker. Åtte saker har enda med domfelling. I éi sak er det føreslått å ta ut tiltale på hallikverksemd. Den siste saka er sendt til Statsadvokaten for tiltaleavgjerd. Dei fire sikta, to kvinner og to menn, var i utgangspunktet sikta for menneskehandel. Men politiet fann ikkje nok bevis.

– Ser ikkje på seg sjølve som offer

Sidan forbodet mot menneskehandel kom i 2003, er det avsagt 45 domfellingar i Noreg. Berre i 2016 blei det meldt 46 saker om menneskehandel til politiet, viser tal frå Koordineringsenheten for menneskehandel (KOM).

Berre eit fåtal er dømt. Dei fleste etter hallikparagrafen, som har ei strafferamme på seks års fengsel. Seinast i januar blei ein 41-åring dømt for hallikverksemd. Han fekk sju månader i fengsel.

Prostituerte kvinner på Lido-hjørnet i Bergen

GATEPIKER: Brennpunkt avdekte koplingar mellom tiggar- og prostitusjonsmiljøet i Bergen sentrum. Her frå Lido-hjørnet, prostitusjonsstrøket i byen.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Strafferamma for grov menneskehandel er ti år.

– Frykta for og lojaliteten til hallikane gjer kvinnene redde. Dei definerer seg kanskje ikkje som eit offer, i motsetnad til i menneskehandelssaker, der ofra er villige til å fortelja kva dei har vore utsett for. Når dei ikkje vil fortelja, klarar me ikkje ta ut tiltale på menneskehandel.

– Veit aldri kor sakene endar

Politiinspektør Myklebust kallar etterforskinga av det rumenske nettverket krevjande. Mange involverte og bistand frå rumensk politi har gjort at mange av sakene har drege ut i tid. Fleire av dei antekne hovudmennene har for lengst reist sørover i Europa.

– Ein veit aldri kor langt ein kjem i slike saker, ofte endar det aldri i dom. Her har det enda i to menneskehandelsdommar som involverer to mindreårige. Utan politiet sin inngriping hadde dei nok framleis stått på gata og seld sex.

Mennene følger med på avstand

BAKMENN: Politiet meiner rumenske menn fungerte som hallikar for kvar sine jenter.

Foto: NRK