Hopp til innhold

– Meiningslaust å dope seg før eksamen

Studentar dopar seg for å halde det gåande i eksamenstid. Men dette er å lure seg sjølve og gjer ikkje betre resultat, seier medisinprofessor.

Lesesal, HiT, Bø.

AKADEMISK DOPING: Enkelte studentar løyser stress og press i eksamenstida med å dopa seg på stoff som amfetamin og speed.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Amfetamindop i samband med eksamen er meiningslaust, seier medisinprofessor Holger Ursin.

Som NRK fortalde sist veke, er det meir og meir vanleg at studentar tyr til narkotiske stoff som amfetamin og kokain i eksamenstida. Spesielt på prestisjestudium som medisin, jus og økonomi fins det grupper som vel å bruke narkotika for å takle eksamen.

Ein føler seg vaken, men det er ikkje sikkert at det betrer prestasjonen noko særleg.

Holger Ursin, medisinprofesoor

Kan gløyme det dei gjer

– Ein flygar i et bombefly som skal kjøre et langt tokt, eller ein kirurg under ei svær katastrofe, må halde seg vaken. Då kan ein tenke seg å bruke amfetamin, men om ein student vel å bruke dette når han eller ho er trøytt, er ikkje det nokon smart måte å løyse problema på, seier Ursin.

  • Kjenner du til doping på norske høgskular og universitet? Bruk kommentarfeltet nederst i saka.

Han har drive hjerneforsking i fleire tiår, og seier studentane langt på veg lurer seg sjølve.

Dei som dopar seg på lesesalen eller framfor PC-en kan halde seg vaken lenger – men det er slett ikkje sikkert at dei hugsar det dei gjer.

– Om du held på i 12–14 timar, er det eit spørsmål om dei siste fire-fem timane eigentleg er nokon vits i. Man kan lure seg sjølv. Ein føler seg vaken, men det er ikkje sikkert at det betrer prestasjonen noko særleg, seier Ursin.

Undersøking: Ein av 70 gjer det

Bruk av amfetamin i lesesalar og eksamenstider, såkalla akademisk doping, er blitt eit velkjend fenomen i USA, England og Tyskland. Norske undersøkingar stadfestar at trenden også er komen her til lands.

Den landsomfattande Studentane sin Helse- og Trivselsundersøking frå 2010 viser at 1,4 prosent av studentane hadde brukt såkalla ”smart drugs” eller akademisk doping.

Det betyr at om lag éin av 70 norske studentar i undersøkinga oppgav at dei brukte middel for å auka prestasjonane.

Ryktet går på universitetet

Ifølgje Ursin er det ikkje nødvendigvis eit nytt fenomen.

– Det er ikkje noko nytt. Det vart til og med gjort på mi tid, seier han.

Studentar NRK har snakka med, seier dei kjenner til ryktet om eksamensdoping.

– Det er nok mange som er i min situasjon – at ein utsett ting heile tida, og då blir det veldig mykje å gjere til slutt. For å ha nok timar i døgnet til å gjennomføre det ein skal, så kan det vere ein måte å få det til, seier Aina Thomassen på Universitetet i Bergen.

– Kan gjere vondt verre

Han åtvarar studentar som har problem frå før mot å nytta seg av narkotiske stoff. Det kan gjera vondt verre.

– For dei der livet går i rot, er det ekstra farleg å ta stoff ein kan bli avhengige av.

  • Kjenner du til doping på norske høgskular og universitet? Bruk kommentarfeltet under.