Hopp til innhold

– Me veit ingenting om dette

Fylkesordførar, Torill Selsvold Nyborg, rasar mot statsministeren sitt "hemmelege" næringsprogram.

Stoltenberg og Nyborg

Statsminister Jens Stoltenberg og næringsminister Trond Giske besøker i dag alle dei fire vestlandsfylka for å presentere eit nytt næringsprogram på Vestlandet.

Stoltenberg har med seg 12 konkrete satsingsområde for ny næringspolitikk i vest.

Dette visste fylkesordføraren ingen ting om.

– Me har ikkje blitt involvert i dette i det heile teke, verken Hordaland fylkeskommune eller resten av Vestlandet så vidt eg har forstått, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Presenterer "hemmeleg" program

Stoltenberg og Giske

Statsminister Jens Stoltenberg og næringsminister Trond Giske skal besøke alle vestlandsfylka på same dag.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Stoltenberg og Giske kjem til Hordaland 17.30 tysdag ettermiddag, og skal då presentere næringsprogrammet.

Statsministeren blir teken imot av ordførarkandidat i Fjell, Marianne Bjorøy, fylkesordførarkandidat Ruth Grung og ordførarkandidat i Bergen, Marte Mjøs Persen, alle frå Arbeiderpartiet.

Men fylkesordførar, Torill Selsvoll Nyborg frå KrF, er ikkje invitert.

– Eg tykkjer det er veldig merkeleg at Stoltenberg kjem hit med ein næringsplan når fylkeskommunen, som er regional utviklar, ikkje er verken informert eller invitert, seier Selsvold Nyborg.

- Tredd nedover hovudet på oss

Fylkesordføraren er svært lite nøgd med at ho fekk vete om besøket og næringsprogrammet frå ein pressemelding.

– Statsmakta har sete i Oslo og planlagt dette, og så kjem dei ut i regionane og trer det nedover hovuda på oss. Dei er arrogante med tanke på regionalt nivå.

Selsvoll Nyborg etterlyser ein dialog, heller enn eit ferdig program.

– Det hadde vore betre enn at ein kjem på denne måten i ein valkamp, seier ho.

- Dei vågar ikkje sleppe taket

Selsvoll Nyborg meiner dei sentrale styresmaktene tviheld på makta.

– Dei har gjeve nokon fullmakter til fylkeskommunen, men dei vågar ikkje heilt å sleppe taket. No har dei teke kommandoen tilbake. Me burde iallfall ha vore informerte og inviterte når dei kjem med ein heilt eigen plan for Hordaland.

Slår tilbake mot kritikken

Roald Kvamme

AP-UTSPEL: Fylkessekretær i Hordaland Ap, Roald Kvamme, kaller planen eit Ap-utspel. Han skjøner ikke kvifor KrF skulle vera involvert.

Foto: Hordaland Ap

– Dersom dei trur at dei kan få til ei næringsutvikling på Vestlandet, utan å ha eit samarbeid med aktørane her, så tenkjer dei heilt feil strategi.

Men Roald Kvamme, fylkessekretær i Ap i Hordaland, skjøner ikkje kritikken.

– Dette er eit arrangement i regi av Arbeiderpartiet, og våre representantar i de fire fylka i vest. Det er Ap som lanserer ein plan for næringsutvikling dei fire siste åra, seier Kvamme.

Han ser ikkje kvifor KrF skal vera med på Ap sine planar.

– Det er ikkje noko regjeringa står bak, og der fylkeskommunen som næringsutviklar skal vera i fokus, seier fylkessekretæren.