NRK Meny
Normal

– Me var i sjokk. Det trur eg alle var

– Han brukte alltid å ringe å gje beskjed om at han var i live etter slike hendingar. Men denne morgonen høyrde me ingenting, minnast 82 år gamle Ruth Irgens. Denne veka er det 70 år sidan ho mista far sin i eit feilslått bombeangrep på Nøstet i Bergen.

Nøstet

ENORME SKADER: Biletet syner omfanget av øydeleggingane. Kun delar av Baneveien og nokre få hus nedst i Komediebakken overlevde bombinga.

Foto: Trygve Andersen/Privat

Året 1944 blei eit frykteleg krigsår for Bergen by. 29. april 1944 eksploderte ammunisjonsskipet «Voorbode» som drap vel 200 menneske og raserte store delar rundt Vågen.

4. oktober 1944 blei 193 sivile, mellom anna 61 barn frå Holen skole, drepne då bomber som skulle øydelegge ubåtbasen på laksevåg i staden trefte bebygging rundt bunkeren.

Få veker etter døyde 43 sivile då Nøstet i Bergen blei råka av bomber frå eit skada alliert bombefly.

– Ei katastrofe som aldri skulle skjedd

Ruth Irgens

MISTA FAR SIN: Det er 70 år sidan 82 år gamle Ruth Irgens mista far sin i bombinga på Nøstet.

Foto: Privat

Denne veka er det 70 år sidan far til Ruth Irgens frå Bergen døydde i den sokalla feilbombinga av Nøstet. Det var natt til sundag 29. oktober i 1944 at store delar av Bergen sentrum blei forvandla til ei slagmark.

– Familien min var blitt vande til flyangrep og at me måtte evakuere til fluktrom. Men far min var aldri med. Han var jo brannmann og dei var dei første som måtte trå til. Me sat i tilfluktsrommet i kjellaren og høyrde bomber og fly heile natta. Me visste at noko forferdeleg hadde skjedd, seier ho.

Denne natta blei det gjort nok eit forsøk på å bombe bunkeren og ubåtbasen på Laksevåg. Men under toktet blei ein Lancaster frå RAAF skada, truleg av antiluftskyts frå Askøy. Besetningen nauddumpa bombelasta, men ikkje alle bombene hamna i fjorden. I staden blei Nøstet råka.

– Dei kalla det for feilbombing. Og det var nøyaktig det det var. Dette skulle aldri skjedd, seier Irgens.

43 norske sivile omkom etter bombinga. Fire av dei brannmenn.

Enorme materielle skader

Bombinga av Nøstet

FEILBOMBING: 43 norske sivile omkom etter bombinga på Nøstet. Fire av dei var brannmenn.

Foto: Ukjent

Morgonen etter er det heilt stille i Bergen. Ruth går saman med mor si i kyrkja.
På vegen ser dei enorme materielle skadar i sentrum.

60 bygningar, mellom anna Det Gamle Teater var totalt øydelagt.

– Det var takkegudsteneste. Det var vanleg etter slike hendingar. Å takka for at me som var der var i live. Men tankane våre var sjølvsagt ein anna stad. Eg tenkte på far min, fortel 82-åringen.

Bror hennar gjekk til brannstasjonen for å få høyre nytt om faren. Dei kunne ikkje seie noko enno, dei hadde ikkje oversikt. Men seinare på dagen kom ein prest på døra og fortalde at han ikkje hadde overlevd.

Brannmannen Nils Berland etterlot seg Ruth, ein bror og mora som var nokre veker på veg på eit nytt barn.

– Me var i sjokk. Det trur eg alle var. Me ville ikkje tru på det som hadde skjedd. Eg var berre tolv år, men eg hugsar alt, fortel ho.

Ruth, mora og broren blei evakuert til Varaldsøy i Kvinnherad få dagar etter. 8. mai returnerte dei til Bergen. Dei skjøna ikkje at det var fred før dei var i byen og såg heiste flagg.

– Det var fantastisk, men på same tid veldig sårt. For kort tid sidan mista vi det kjæraste me hadde. Og no skulle me plutseleg feira.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nøstetbrann

TOTALSKADD: Det gamle teateret, tidlegare kjent som «Komediehuset på Engen» blei oppført i 1800. Bygget blei totalskadd i 1944.

Foto: Trygve Andersen

«Me må aldri gløyma den natta»

Denne veka blei det avduka ei bronsetavle til minnne om at det i år er 70 år sidan 43 sivile mista livet på Nøstet.

Tormod Carlsen i Sydnes og Nøstet velforening meiner det har vore for lite fokus på bombinga av Nøstet.

– Heile emne er litt sårt. Det som skjedde på Holen berre tre veker tidlegare har fått mykje merksemd. Men det har vore lite snakka om pårørande og dei som overlevde hendingane på Nøstet.

For Ruth var markringa viktig og noko ho har sakna. Med seg hadde hoto av sine barn og nokre barnebarn.

– Det er vikig for meg at dei skal kjenne historia mi. Det er viktig å markere slike hendingar. Me må aldri gløyme den natta.


Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.